Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › High Frontier › Reply To: High Frontier
Eg hadde gleda av å diskutere speldesign med Phil Eklund i Tyskland for ein del år sidan. Han overtala meg til å kjøpe Pax Porfiriana, som nok er hans beste spel. Pax scorar høgt på god stemning, men det er masse småreglar som står på ulogiske plassar i regelheftet. High Frontier ser ut til å vere meir av dette. Eg tippar han lagar spel som han sjølv synes er gøy og vil spele med vennene sine. Då kan jo han forklare spelet til dei han speler med. Så har han nok dedikerte fans med Edklund-adapter installert, som forstår tankegangen og godtek det som skjer. Eg godtek Pax-tinga, og er villig til å prøve High Frontier-tinga, sjølv om eg nok burde spelt det med Eklund sjølv for å bli overbevist at det var eit godt spel, slik eg forstår det.