Reply To: High Frontier

#3152
Rune Hanssen
Keymaster

Hf

Eg likar alle spela til Eklund som eg har testa. Neanderthal og Pax Porfiriana har mykje stemning sjølv om ein må gnu seg gjennom reglane som eit abstrakt kapittel i fysikk og matte. Eklund er nok som Jarle skriv, ein nerd for nerdar og ikkje for dei som likar å fortære wienerbrød på konditoriet på laurdagar medan folk droppar innom og snakkar om været.

High Frontier er etter det eg har erfart, noko eg vil investere tid i. Opplegget med romfart og utforsking verkar gøy og krevande. Spelet knusar Space Corp ned i romstøvlane. Auksjonsystemet og planlegginga av prosjekta dine gjev god stemning. Regelbøkene er som eit elendig tekstbasert rpg på VIC-20 som ikkje finst. Berre det å laste ned ein geek-laga player aid frå BGG, auka forståinga med 48%.

Hf2

Basic game skal kunne knekkast lett. Eg trur modulane som kjem seinare legg opp til veldig mykje rart – inkludert konfliktar.

Må berre gjennom det svarte holet først.