Reply To: Dune (Gale Force Nine)

#3719
Jarle Haktorson
Keymaster

Eg er sikkert biased, sidan eg likar Twilight Imperium så godt, men eg synes at Rex er eit betre spel enn Dune. Eg trudde først at dei var veldig like, men endringane synes eg likevel er store.

Eks. kortbunken; i Dune ligg det masse Useless kort. Eg hadde tre slike på hand. Kva skulle eg med dei? Jo, “lure” motstandarden i kamp. Ehh. Heldigvis hadde eg nok kort (åtte) til å også ha gode kort, men slike kort er berre irriterande. I Rex hadde alle kort verd.

Også dette med Stormen/Bombardment i Rex. Det var meir spennande med kort i bunken som kunne øydelegge ein base sitt forsvar mot Bombardment. Eg synes ikkje det er kjekt som øydelegg ein spesikk del (og kortet vil kome i bruk, for me var vel igjennom den lille kortbunken sånn to hundre gonger).

I kortbunkten sakna eg også kjekke kort som Mercenaries og Retreat, eller kva dei heitte ifrå Rex. Det gav eit litt uventa element, slik at du ikkje alltid kunne telje/berekne (sjølv om det sjølvsagt også er andre usikre moment).

Men eg trur eg sakna mest dei “Scheme”-korta eller kva dei heite; dei som gav kvar enkelt eit kort med ein hemmeleg måte å vinne spelet på. Det aleine meiner eg gjer Rex betre enn Dune. For då er du i paranoia heile tida. “Kvifor vil han i allianse med meg?” “Kvifor seier han at me kan byte basar?” “Kvifor” osv. Pluss gjorde dette det kjekkare; alle hadde fleire måtar å vinne på, ikkje berre visse rasar.

Om det kjem opp forslag om Dune igjen, vil eg føretrekkje Rex. Men eg trur eg er i mindretal, så då spørs det om eg får spele nokon av dei igjen.