Reply To: Unsettled

#3776
Jarle Haktorson
Keymaster

Det skulle altså ta to år før eg prøvde Unsettled på ny. Reglane (med hjelp av Sten Ole) kom fort tilbake. Men heldigvis kom også stemninga også. For dette er eit spel meint for å skape stemning. Ein felles kamp mot det som møter oss. Og kva gjorde me idiotar? Gjekk rett laus på ein Nivå 3-planet, som i løpet av kort tid tok knekken på oss. Eller var me idiotar?

Eg tenkjer at nivå 1-planetar er moglege å klare på første forsøk. Vanskeleg, men mogleg. Det krever nok også at alle kan reglane, låser opp nye abilities, brukar desse lurt osv.

Nivå 2 tenkjer eg er veldig vanskeleg. At ein må “forstå” kva som skjer før ein har sjans å klare spelet. Men i løpet av to-tre gonger trur eg det skal gå bra; då veit eit meir kva som ventar deg osv.

Nivå 3, som me spelte no sist, er berre vondskap. Det er håplaust etter ti minutt, og du veit du er fortapt. Men: Om ein spelar det igjen og igjen, vil ein utvikle strategiar som vil gjere det mogleg å klare det. Det kan ta eit par spelekveldar, men mogleg.

Nivå 4? Brenn i helvete.

Siste ord: Me spelte altså nivå 3. Forstod ikkje korleis me skulle ha klart det, når me så tapte. Me juksa så litt, og leste litt på strategi. Forstod då korleis me kunne ha gjort det. Og her trur eg nøkkelen ligg litt; det er nok mogleg å finne ut av det, men du må jobbe deg fram mot løysinga. Det blir litt som eit Souls-spel, der døden blir erfaringane du må byggje vidare på neste gong.

For eg vil ha meir. For sjeldan skapar enkle kort og brikker så mykje stemning.