Reply To: Suburbia

#3821
Jarle Haktorson
Keymaster

Ny test etter ni år eller så. Framleis artig, men litt for langt og ikkje så passande for fem spelarar. Når fire andre har gjort noko før deg, ser utvalet av tilgjengelege brikker heilt annleis ut, så ikkje så lett å tenkje framover. Då blir det mest å vente på din tur, og så kikke på bordet. Kan jo sjølvsagt leggje opp ein plan A, B, C, D osv., men er det så kjekt? Sist speling tok ikkje all verda tid, kanskje rundt to og ein halv time, men er for langt for denne typen spel. Eg vil tru det som står ovanfor, tre spelarar og nitti minutt, vil både passe bra for flyt og engasjement.