Star Trek Ascendancy

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • Author
    Posts
  • #2045
    Rune Hanssen
    Keymaster

    STA

    Kult exploration-system med warp-routes av ulik lengd som ein kan vri og justere etter plass og behov på bordet. Alle startar åleine og driv for seg sjølv heilt til reiserutene vert kopla saman. Då oppnår ein «first contact» og kan velgje å samarbeide eller slåss.

    Elles typisk 4x-spel som har litt ventetid. Side 26 i regelboka har forslag på å få ned speletida.

    • This topic was modified 5 years, 3 months ago by Rune Hanssen.
    #2639
    Thomas Thomsen
    Participant

    Første gjennomspilling for min del.

    Jarle og Tor Inge hadde spilt det før.

    Ikkje et alt for komplisert spill, vi brukte vel litt over 4 timer fra vi begynte pakke ut til vi forlot lokalet. Og vi kunne nok fort vært der en halvtime til om vi ikkje hadde sett hvor det gikk, flippa fingen til Tor Inge å gått hjem.

    Mye kult her i form av tematikk, mekanikk og det visuelle.

    Er er utilgivelig spill når det kjem til tilfeldigheter. Balansen mellom dei 3 races virker ikkje heilt bra er mitt inntrykk. Samt at det er noen houserules og special rules i boka en kan ta ibruk neste runde. Det vil nok hjelpe.

    Må prøves igjen

    #2640
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Dette er eit spel med stort potensiale, men det må house rulast litt. Eg tenkjer me kanskje bør bli flinkare til dette med enkelte spel; det viktigaste er jo å ha det gøy! Om alle er samde i endringar, er det betre å gjere dette, enn at spel aldri blir spelt igjen.

    Basert på sist (og delvis sist-sist) speling; ting å hugse til neste gong:

    – Speleflata (der ein kan byggje space lanes) bør vere STOR. No var brettet nesten ferdig utforska før ein kom skikkeleg i gong.

    – Det bør vurderast om Exploration-decken skal tweekast litt. Her er tenkt:

    * Crisis bør kome lenger nede i bunken, slik at dei ikkje øydelegg starten. T.d. kan dei øvste 10 korta eller så vere “trygge”.
    * Kanskje finne ein balanse på ulike korttypar som vert Shuffla inn, slik at ikkje éin type kort kan hamne på bunnen og aldri dukke opp (som Warp-civilizations).

    – Der det står “Open” på planetar kan det berre byggast “Production” og “Research” (ikkje “Culture). Dette for å hindre at “krigerske” rasar berre skilpaddar seg og for å skape meir interaksjon/konflikt.

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.