- This topic has 3 replies, 2 voices, and was last updated 3 years, 11 months ago by Sten Ole.
-
AuthorPosts
-
30/08/2020 at 01:33 #2882Rune HanssenKeymaster
Kjensla av å ha majones bak augene er nok ein gong sterk etter å ha blitt utsett for Lacerda sitt umenneskelege system. Likevel gøy for oss som likar å bli hypnotisert av brett som har all grafikk og symbolikk som eksisterer på Tellus.
Ser fram til regel-purge og neste omgang!
30/08/2020 at 13:51 #2886Sten OleParticipantFørste gjennomspeling av dette spelet var kjempetungt. Brettet er fullt av informasjon i ein uleseleg blå farge. Player-brettet ditt er like fullt og kryptisk. I starten av spelet får du utdelt ei bok med tittel “Player Aid”. Første møtet med spelet er som om du har fått ein jobb du er ukvalifisert for. Lacerda-effekten, kalles det.
Men gradvis begynner mekanikkane å openbare seg. Du lærer deg at du kan hente penger i banken. Du lærer deg at du kan bygge skip. Du lærer deg at du kan besøke nobles. Og så ser du at det er ei heilt anna side av brettet på andre sida av bordet. Du kan bygge bygningar som koster vanvittig med penger. Dette viser seg å vere kanskje det viktigaste i spelet. Du kan lage “public buildings” som viser seg å belønne dei som har bygd stores, så du føler seg som ein idiot når du gjer det. Så er det også ein kyrkje-track som kanskje gjer livet ditt enklare om du får rette velsignelsane, og ikkje i det heile tatt om gud berre har lagt igjen søppelvelsignelsar. På eit eller anna tidspunkt kjem augene på decrees. Spelet går mot slutten og du innser at alt du har gjort var strategisk forkasteleg og heilt utan synergi. Du innser også at hjernen din har lært seg å lese blåfargen.
Eg ser fram til neste gjennomspeling. Me klarer kanskje ikkje bygge opp Lisboa meir enn i går, men eg skal klare å stable fleire maktparykkar på hovudet utan at dei knekker nakken min.
Eg føler dette Lacerda-spelet skiljer seg litt frå dei andre. Det at du har ei hand med kort der eit kort blir brukt per runde føles ikkje typisk Lacerda. Det fungerer likevel greit for å drive spelet, men eg trur det kanskje var det som vanskeleggjorde læringsprosessen min mest. Korta i seg sjølv viser ikkje handlingen du skal gjere, men fargelegger handlingen når du gjennomfører han. Spelet har 3-4 vidt forskjellige måtar å bruke kort på og dette valet bestemmer meir handlingsrommet for turen din. Spelet har mindre interaksjon enn mange av dei andre han har laga. Så når me som spelarar har modna litt, vil det likna meir på Vinhos enn On Mars.
—
Reglar, reglar, reglar
Sell Goods
Du kan selge så mange goods du vil til så mange skip du vil.Open Public Building
Om du ikkje har nok state officials til å bygge prosjektet, kan du kjøpe dei til 1 official per treasury marker-nivå. Med andre ord, veldig dyrt.End of Turn
Det er på end of turn at kort og tokens blir refresha. Dette er for å hindre at du for eksempel bygger 2 my-little-pony-fabrikkar på same turen. Unntak er public buildings som refresher umiddelbart.Overraskande lite anna
Fant ingenting anna av reglar som var annleis enn me gjorde.30/08/2020 at 14:54 #2887Rune HanssenKeymasterOverraskande lite regelproblem ?
10/01/2021 at 14:39 #2934Sten OleParticipantFordi eg ikkje vant nok…
Reglar, reglar, reglar…
State Officials
Når du set inn state officials og kontoret til noble’n allereie er full, kan du ende opp med å også skubbe ut eigen official. Det er derfor ikkje så lett å totalt dominere kontora.—
Eg er ennå totalt lost i dette spelet. Det er vanskeleg å løyse problema dine i dette spelet. Korleis løyser du låg influence? Korleis løyser du at du har lite pengar? Korleis løyser du at du har lite gods? Av og til finn du korttidsløysingar, men eg følte eg ofte gjorde ting fordi det var det einaste eg hadde nødvendige ressursar til, på mange måtar tvungne actions. Eg tviler på at dette er optimalt sjølv om det gjekk bra i går.
Spelet påstår at du bør få decrees tidleg, men eg ser ikkje for meg at eg bør satse alt på at eg f eks klarer å dominere “my little pony”-gata.
-
AuthorPosts
- You must be logged in to reply to this topic.