Reply To: Twilight Imperium

#2906
Sten Ole
Participant

Prophecy of kings

Inntrykket er at dette er ein heilt grei ekspansjon på spelet som passer inn med alt det andre som allerede var der.

Rasar
Dei nye rasane ser ut til å ha sine særegenhetar, men er ikkje overpowered. Fleire har naturlegvis element som bruker nye grunnmekanikkar i spelet.

Nye kart tiles
Nye kart tiles var det beste med ekspansjonen. Kartet var meir komplisert samansatt med “hyperlanes” som både lagar kortare avstandar til fjerne strøk og nabosonar fjernare. Sannsynet er derfor større at du får ha samspel med alle spelarane rundt bordet. Nye planet-powers gav også ein grunn til å bry seg om andre planetar på kartet enn kjedelige mekatol. Andre kombinerte tiles med fleire element på var også ein lur vri i designet.

Ledarar
Ikkje så mykje å seie på desse. Du fekk ein ekstra knapp å trykke på som gjorde litt nytte her og der. Så fekk du etter kvart ein ultra-take-that ability midtveis i spelet som passa fint å bruke heilt på slutten. Dei påvirka spelet lite, syntes eg. Grunnkreftene til rasane er allerede ganske gode.

Frontier tokens og exploration
Planetane får ein liten boost, og du har potensial til å vinne fleire take-that-kort i exploration-bingoen. Eg var lite imponert. Dette sakka ned spelet og gav ingen stor glede for min del. Berre støy. Heldigvis overskygga det ikkje for “normal” speling.

7-8 spelarar
Dette var unødvendig. 6 spelarar er kanskje allerede for mange. Tidsmessig hadde 3-4 spelarar vore passelig, men då blir diplomatiet totalt søppel. 5 er sikkert optimalt… kanskje.

Eg var fornøyd med egen speling i kveld. TI4 for meg har pleid å handle om å komme i dumme konfliktar slik at alt låser seg mens veteranane seiler ifrå på poeng. Denne gongen fekk eg bygd meg opp, danne gode naboforhold, sette mekatol-rusheren i sjakk, backstabbe bestevennen min når svakheten viste seg, sitte på mekatoltronen og alt mens poengene rasa inn. Lufta gjekk litt ut av kvelden etter at det blei klart at me skulle avbryte spelet uferdig. Sannsynlig vinner hadde nok vore Jarle om me ikkje hadde i fellesskap feid han av brettet før han tok oss på poeng. Heile brettet var ei tillitskrise på slutten som ikkje la til rettte for ein brei koalisjon.

Honorable Knight award: Tor Inge
(for sin hedersjobb med å slåss mot Jarle)

Chaos Lord award: Øystein
(for å uanmeldt sabotere kommunikasjonen innad i Rune-imperiet)

Sleeping bear award:
Marius (for å farme exploration til det ekstreme uten å slåss særlig)

Survivalist award:
Ola (for å overleve på tross av å tidlig havne i flishuggeren til Jarle)

Trustworthy Ally award:
Rune (for å kultivere godt naboskap med smågaver og fred)

Plague infester award:
Jarle (for å bygge eit militær som trengte eit heilt anna motsvar enn alle dei andre)

Bestest Handsomest Hero award:
Sten Ole (for å vere den helten universet trengte i kampen mot ondskap)