Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Lost Ruins of Arnak
- This topic has 5 replies, 3 voices, and was last updated 3 years ago by Jarle Haktorson.
-
AuthorPosts
-
23/03/2021 at 23:16 #3015Rune HanssenKeymaster
Deckbuilding og worker placement i ein fin symfoni. Spelet ser litt Donald Duck ut ved første augekast, men viser seg å vere solid og djupt med mange interessante stiar som lar deg utvikle eit veksande maskineri runde for runde (5 totalt). Bruk pengar til å kjøpe utstyr, kartografi for å finne artefaktar, pilspissar, rubinar, steintavlefragment og rubinar for å finne det hemmelege tempelet på øya. Kjemp mot voktande monster og få ryktet som den beste oppdagaren av dei alle.
24/03/2021 at 02:01 #3016Sten OleParticipantReglar, reglar, reglar
Oppgradering av assistentar
Når du oppgraderer ein assistent, blir han refresha.Discover a new site
Når du går til ein site, skal ting skje i ein spesiell rekkjefølge. Du skal ta idol-bonusen først. Så tar du effekten av plassen du gjekk til.Free actions
Free actions kan du gjere når du vil, også midt inni main actions.—
Eg har tidlegare uttalt at deck-building er ein mekanikk eg hater i spel som blander det med mykje anna. No har Mín og Elwen gjort alt dei kan for å få meg til å ete dei orda. Lost Ruins of Arnak fungerer. Måten du bygger stokken din og bruker han gir meining. Og saman med ressursane dine gir kortstokken din muligheter til å gjere mykje på brettet til du etterkvart er tom og treng påfyll. Spelet er elegant og alt føles som at det har ein plass. Ingen ressurstype er overflødig. Korta og spelet generelt har effektar som virker der og då, men ikkje varige eller trigga effektar. Det hjelper flyten på spelet betrakteleg. Bra spel.
26/03/2021 at 13:15 #3017Jarle HaktorsonKeymasterSer ut som eit spel eg vil elske 🙂
29/03/2021 at 10:39 #3026Rune HanssenKeymasterNo har eg spelt 3 gonger og kan sei at evnene mine til langsiktig planlegging i bruk av ressursar er heller elendig, men i utvikling.
Oppdagingar krev mykje, men kan også gje god gevinst. Etterkvart som fleire stader er oppdaga, dannar det seg eit puslespel av valg til ressurssanking. Forskningstreet krev roleg og fokusert planlegging og kortbruk. Er ein først her kan ein få mange bonusar som er med å held maskinen i gong.
Dei elementa som lagar tilfeldighetar i spelet fungerer bra, og gjer at det held seg friskt frå gong til gong. Sluttscoring er som regel tett, noko som bidreg til motivasjon og tilfredshet.
17/12/2021 at 14:11 #3189Sten OleParticipantExpedition Leaders-ekspansjonen
Denne ekspansjonen gir nytt liv til spelet. No har du tilgang til to nye tempel-tracks og fleire kort. Men det beste er absolutt asymmetiske karakterar. Du får unike startkort og ganske infløkt designa karakterkonsept. Du har mystic-en som kanaliserer frykten sin til ritualer, kapteinen som har større mannskap, den rike dama med stor kjøpekraft og evner til å få tingene i spel tidleg osv osv. Kvar karakter har sin eigen smak. Resultatet er at Arnak får 1000 gonger meir variasjon. Og derfor vil spelet i større grad føles nytt ut kvar gong det kjem til bordet. Ein bonus er at ekspansjonen nesten ikkje tilfører kompleksitet i det heile tatt. Kjempegod ekspansjon!
20/12/2021 at 10:48 #3196Jarle HaktorsonKeymaster“Ser ut som eit spel eg vil elske 🙂” skreiv eg for mange månader sidan. Og eg fekk rett! Har spelt det tre gonger sidan den tid, og kvar gong har vore veldig kjekk. Alltid noko å gjere, alltid innsjå feil val rett etter ein har gjort noko, alltid føle at ein ligg bak, alltid føle ein har kontroll, for så å innsjå at det har ein ikkje, alltid gamble på ein ledig plass, som så blir teken osv. Fargerikt og flott, aldri finne ut ein lur strategi, men kose seg med utforsking og handling 🙂
-
AuthorPosts
- You must be logged in to reply to this topic.