Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Archipelago › Reply To: Archipelago
Makan så påståeleg eg var for 3 år siden. Men eg hadde tydeligvis eit par gode tankar, sjølv om det var eit spel med heilt andre reglar me spelte då.
Eg tok ein liten regelsjekk for å betrygge meg at me ikkje spelte alt for feil. I praksis hadde me god regelforståelse utover kvelden. Engaged arbeidarar er tydeligvis ein mekanikk alle sliter med på BGG sånn dom reglane er. Det som ikkje er intuitivt er at ein engaged arbeider fortsatt kan vere aktiv i ein bygning så lenge han står der.
Spelet er ein mystisk opplevelse, litt som ein kontinuerlig prisoner’s dilemma der alt er dømt til å gå gale fordi me ikkje jobber saman. Eg trur kombinasjonen av mange arbeidarar og bunnskrapte lokale marked får ting til å knekke saman med høg sikkerhet.
Fortsatt ikkje topp 5, men speler gjerne igjen.