Kutna Hora – City of Silver

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • Author
    Posts
  • #3930
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Kh

    Bygg byen gjennom handverkarlaug og gruvedrift. Økonomien virrar og tomtene ligg for salg i alle prisklassar. Skaff deg eit ry verdig korrupsjon i kampen om tomtene. Utnytt marknaden til andre sin fortvilelse. Fine reglar og tett kamp om seieren. Bra eksemplar!

    #3933
    Sten Ole
    Participant

    Kult spel som ser litt komplisert ut, men som egentlig er ganske eit lett spel. Du bygger ting i eit økonomisk økosystem der kva du bygger påvirker økonomien. Spelet har ein liten papp-datamaskin som held styr på prisane som bestemmer kva ting koster og kva du får i inntekt. Du har heller ikkje total frihet til å bygge kva du vil. Du er bunden til visse laug som gir deg ein viss kombinasjon av økonomisk aktivitet du får lov til å vere med å utvikle.

    Spelet har eit rikt sett med ulike måtar å oppnå poeng, så eg trur spelet gir frihet til å gjere litt av kvart utan at du sit igjen med lite poeng. Du kan spele naboskaps-spelet for å score for bygningar som står på sida av dei rette tingene. Du kan satse alt på katedralbygging. Du kan satse på sølvgruvedominans. Eller du kan bygge ting det er lite av for å maksimere økonomisk gevinst. Du kan velge å opparbeide ryktet ditt eller ignorere det. Du kan også sponse “patricians” inn i rådet i byen for å gi poeng for aktivitet som du allerede er godt i gang med.

    Eit bra spel i økonomisk-euro-med-ein-katedral-sjangeren.

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.