King is Dead

Viewing 1 post (of 1 total)
  • Author
    Posts
  • #4254
    Sten Ole
    Participant

    Spelet er eit spel med liten skala i fillerkategorien for 3 spelarar (eller som eit lagspel for 4). Spelet foregår på eit lite kart av Storbritania etter at kongen er død. England, Wales og Skottland kjemper over makta på kartet. Du som speler prøver å dirigere handlingen på kartet mens du kultiverer forhold til dei ulike faksjonane slik at du til slutt har mest innflytelse med faksjonen som vinner fram på kartet. Tematisk sett blir du slik den neste kongen i riket.

    Spelet går over 8 runder der det kvar runde har ein maktkamp i ein region. Spelarane har mulighet til å totalt gjere 8 actions i løpet av spelet med kort. Desse korta justerer styrkeforholda på kartet. Etter actionen må spelaren ta ein brikke av brettet. Du får meir innflytelse med faksjonen til brikken, men det gjer også at dei får svakare posisjon på kartet.

    Ein ekstra komplikasjon oppstår dersom maktkampane i regionane ender med uavgjort. I såfall gir det eit signal til Frankrike om at landet er svakt og splitta, og inviterer til invasjon. Om dette skjer nok gonger, slutter spelet tidleg. Vinnaren blir då den som har fordelt innflytelse blant alle faksjonane.

    Resultatet er eit spel der ein må bytte kva land ein støtter og om ein skal satse på ein fransk invasjon til å samle landet eller ikkje. Mykje av spelet handler om å sjå ting an før ein gjer ting på kartet eller låsar inn kven sitt lag ein støtter. Ikkje minst gjeld det å påtvinge motstandar A ansvar for å ordne slik at motstandar B ikkje vinn spelet.

    Bra spel. Det har enkle reglar men strategisk sett er det ikkje eit lett spel å finne ut av. Det passar ikkje hånd-i-hanske som fillerspel fordi det krever litt meir tankekraft enn ein kanskje ønskjer å bruke seint på kvelden. Om du ikkje følgjer godt med, blir du berre rundspelt av dei andre. Mykje spel i liten innpakning.

Viewing 1 post (of 1 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.