Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Daitoshi › Reply To: Daitoshi
Eg leser anmeldelsen min frå over eit år sidan og er stort sett enig med meg sjølv. No har eg spelt det to gonger til. Litt inni spelet kjem du til eit knekkpunkt der du enten går i stampe eller så tar økonomien din heilt av. Eg trur forskjellen om korleis det går er veldig avhengig av små mikrovalg av korleis du bruker dampen din og wildcard-ressursane dine. Om du gjer ting rett, havner du etter kvart i eit spor der du alltid har råd til å maksimere arbeiderbruk og ressursinvesteringar per action.
Spelet er bra mekanisk og gjer at du må sjonglere mellom motstridande prioriteringar. Spelet både belønner spesialisering og straffer det, så det finnes ikkje ei god kokebok for å spele bra. Svakheten med spelet er at det er såpass mekanisk at tematikken blir usynleg. Kjekt spel likevel.