Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • Author
    Posts
  • #4970
    Sten Ole
    Participant

    EVE har ein ambisjon om å vere eit 4X-spel som kan spelast i løpet av ein kveld. Den sjangeren begynner å bli ganske tettpakka no med spel som Eclipse, Twilight Imperium, Arcs, Exodus, Voidfall, Andromedas Edge. EVE føles som at det går sin eigen veg med fokus på opprustning, kontroll og krig i både gjennomføring og målsetning. På ein måte føles det litt likt på Kemet, berre litt meir ekspansivt og spacey. I den rolla ser det ut til å fungere ganske fint. Det føles ikkje som at det legg opp til politikk eller alliansar, men det er kanskje berre ein god ting.

    Flyten i spelet er ennå litt vanskeleg å ta tak i. Mange actions tar 2 sekund. Så har du andre der du føler at du treng tid til å tenke eller at du har starta ein kamp som tek nokre minutt. Tenkinga trur eg på sikt blir mindre krevande dersom spelarane finn ut kva dei vil i spelet. Med litt målretting, så faller mange av dei distraherande valgene vekk. Det at kampane tek litt tid, er berre ein understreking av at spelet har kampsystemet sitt som hovedattraksjon.

    Kampsystemet virker i utgangspunktet veldig sterkt. Eg synst i andre rom-spel at kampsystema ofte har vore ein svakhet. I Eclipse er skipsdesign så kraftig at slagene ofte er avgjort på forhånd og med ganske kjedelige premiar. Twilight er eit takras med terningar og systemer som blir forstyrra av elendige actionkort. Arcs er ein stor vits der alt berre er kaos med stjeling fram og tilbake. Voidfall er kampen eit reknestykke ein får til å gå opp før ein flytter inn. Andromeda’s Edge er det om å gjere å vere med men å ikkje sette inn for mykje. Her synes eg at EVE kjem ut mykje betre. Kampen her er oppstilt taktisk med leiarskip i ulike storleikskategoriar og supportskip. Små skip har initiativ mens dei store er vanskelege å ta ut av spel og gjer katastrofal skade. Teknologiane sper på med ein viss auka effektivitet, men størrelsen på skipsflåten vil ha mykje å seie for kven som kjem ut vinnande. Strategikort gir vidare eit til verktøy til å styre kampen til eit utfall som du ønskjer. Ein annan god innovasjon er at du må lykkes både med å sikte deg inn på motstanderskip i tillegg til å påføre skade. Det gjer kampen litt meir interessant.

    Balansen i spelet er det tidleg å uttale seg om. Kanskje visse teknologiar er ubrukelege? Kanskje visse skip er berre dårlegare enn andre slik at du aldri vil ha dei? Kanskje spelet er for flink til å gjere dei rike rikare og dei uheldige endå meir uheldig. Eg trur uansett at sjølv om du eliminerer deg sjølv tidleg med å spele risikabelt eller dumt, så er det mulighetar for å kose seg i hjørnet ditt mens du bygger deg opp igjen og gjer det beste ut av situasjonen.

    Spelet er relativt lettspelt, så det tar ikkje år å sette seg inn i det. Det har ein slags indre logikk som går lett inn. Forløpig er eg svært positiv til spelet. Eg håper ingen “knekker” det.

    —

    Reglar, reglar, reglar…

    Discount slots
    Symbola på bygningsfelt er rabattar og ikkje ekstrakostnader.

    Heimsystem
    Det er 3 heimsystem. Det midterste feltet teller også som eit system. Citadels som er bygd der teller for alle heimsystema. I tillegg har desse systema innebygd ein styrke på 2, som er relevant etter ein jevn kamp.

    Styrke
    Player Aidane skriv feil styrke på skipa som er relevant for automatisk claiming av system og for å avgjerde kven som vinn kampar som ikkje ender i tilbaketrekning eller totaløydeleggelse. Små skip har styrke 1. Medium har 3. Store har 5.

    Refinery
    Refinery gir berre ein av ressursane dersom begge planet-/måne-ressursane er i systemet.

    Det kjem sikkert meir etter fleire spelingar… Regelheftet er litt laus i format og formulering, og det er ikkje mange gode støtteressursar som faktisk har rett informasjon. Dei få How-to-Play videoane som ligg ute har eit par feil i seg og går ikkje heilt i dybden heller.

    #4971
    Sten Ole
    Participant

    Trade
    Du kan faktisk bruke same handelsoperasjonen fleire gonger.

    Combat abilities
    Reglar som gjeld kritisk skade gjeld berre for leiar-skipet i orbiten. Den ability’en som gir ekstra terningar frå kritisk skade gjer at du kan overstige maksgrensa for antal terningar, men ekstratrillingar kan ikkje gi endå nye terningtrill når du får kritisk skade.

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.