Reply To: Brass – Lancashire

#1243
Sten Ole
Participant

Spelet lagar ein liten mikromodell av ein økonomi fra industraliseringa av Lancashire og omegn. Manglar kol, blir ting som treng kol dyrare. Manglar stål, blir ting som treng kol dyrare. Samtidig gjer disse tilstandane det lukrativt å lage kolgruver og jerngruver. Det er også eit spel som omhandler å bygge tekstilfabrikkar og å koble disse til marked med jernbane til havner.

“Handel” mellom spelarar skjer indirekte ved at du berre tar det du trenger fra andre spelarar. Andre spelarar nyter godt av at godset forsvinn og får betalt med auka inntekter og victory points. Med andre ord slepp du å administrere kompliserte markedstransaksjonar som finnes i mange tilsvarande spel.

Du blir heile tida utfordra på at aktiviteten din hjelper andre spelarar eller at andre spelarar stjeler/blokkerer muligheter. Du er alltid belemra med lite penger og få actions å få til måla dine. Kart-topologien og hånda di med kort setter også rammer for utviklinga di. Alt dette gjer spelet rimeleg tricky. Heldigvis sliter alle med det same dilemma.

Dette er ikkje eit vanskeleg spel mekanisk og har relativt kort speletid (Mindre enn 2 timar).

Reglar…

Intet å tilføre.