Reply To: Caverna

#1384
Sten Ole
Participant

Har no endelig fått prøvd spelet, i tillegg til Forgotten Folk-ekspansjonen. Som førstegong-spelar var reglane stort sett overkommelige. Det var naturleg nok ein del mulighetar som eg ikkje såg før spelet var over. Speldesignet er solid med måten du gjer ein terrengtype om til ein annan osv. Det blir litt information overload med alle “bygningane” som alle har sine små påvirkningar.

Ekspansjonen krydrer med nye rasar, nye “bygningar” og eit par nye ressursar. Rase-egenskapane føler eg kanskje går litt for langt i å styre kva strategiar som kan fungere. Bygningane garanterer på ein måte litt variasjon for spelarar som har grodd seg fast i ein viss måte å spele grunnspelet på, vil eg tru. Dei nye ressursane tilfører spelet lite, men er nok nødvendig for å gjere rasane meir balanserte.

Føler litt for å spele det igjen slik at eg kan teste ut strategiar, optimalisere dei første rundane osv. Men spelet mangler litt piff og action. Å bygge opp bondesamfunn er litt gøyare når du kan brenne ned landsbyen til naboen.