Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Warhammer Quest: Blackstone Fortress › Reply To: Warhammer Quest: Blackstone Fortress
Eit vakkert bidrag til dungeon crawl / coop-sjangeren. Eg har lite å utsette på korleis det fungerer. Reglane var enkle nok til at det fløyt bra men med nok nyansar til at det ikkje føltes banalt. Karakterane var unike nok til at me følte me kunne gjere ting som dei andre ikkje kunne gjere. Terningane skapte drama uten å skape katastrofe.
Eg liker spesielt godt at i tillegg til personlege action-terningar de har ein felleskasse med action-terningar som laget forvalter i fellesskap. Det gir rom for at dei trengande eller dei i kritiske situasjoner får gjort det dei skal.