Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › 2-player: erfaringar og vurderingar › Battlefleet Gothic › Reply To: Battlefleet Gothic
Reglar
Blast markers
Noko me unnlot å gjere var å la blast markers påverke gunnery-terningane. Når vanlige batteries skyter gjennom ein marker må du sjå eit steg til høgre i gunnery-tabellen. Dette gjeld også markers som ligg inntil ditt eige skip og skipet du sikter på.
Torpedoar
Når ein sverm med torpedoar kjem borti ein base, blir det trilla mot armoren for alle torpedoane. Dei som treffer, skader målet; dei som bommer, flyr vidare.
Turrets
Når basar står inntil kvarandre, kan skip gi +1 turretstyrke til naboane.
Skyte mot ordinance
Du kan skyte mot ordinance med normale batteries ved å trille 6 med antal terningar lista i ordinance-kolonna i gunnery-tabellen.
Nova canon
Observerer at reglane for nova canon er litt endra i nyare print av BFG. Kanskje relevant om dei originale reglane ikkje funker greit. Dei nye liknar meir på scatter-reglane for pasningar i blood bowl.
Batteries
Dersom fleire batteries fra samme skip skytes mot samme målet, legges firepower saman og sjekkes mot gunnery-tabellen. Dette hindrer at blast markers ødelegger andre salven.
Fighter screen
No spelte me ikkje med fighters, men om me gjorde det, kan disse legges opp mot basen til eit skip for å screene mot ordinance.
Turrets igjen
Turrets kan enten beskytte mot torpedoar eller bombefly, men ikkje begge typar i samme fasen. Uvisst kvifor det er slik, men gir motivasjon for å bruke begge typar.
Spredning av ordinance
Det er lov å splitte opp bombefly, fighterar eller torpedoar i mindre grupper. Dette gjer at dei er enklare å ta med turrets, men vil kunne gi eit større “trusselavtrykk” med torpedoane.
—
Inntrykk
Dette er egentlig eit klassisk tabletop wargame i romskipklede. Det morsomme er at alt er i tvunget bevegelse heile tida og skipa snur seg veldig sakte. Det gjer det lett å miste kontrollen. Å optimere ein runde ender ofte opp med å sette formasjonen i totalt kaos i neste.
Reglane er rimeleg lettfattelege, men spelet legg opp til at spelarane må bli enige om ting er innanfor rekkevidde, om ting er innenfor 45 grader, om torpedoane eller blast markeren blei kjørt over osv. Eit hol i reglane er også at dei ikkje forklarer kva som skal skje når skipa flyr utenfor kanten på bordet!