Reply To: Civilization – A New Dawn

#2084
Jarle Haktorson
Keymaster

Dette var eit kjekt spel; eg merka at slike “utvide og utvikle deg litt slik du vil”-spel er noko eg synes er gøy. Bra mekanikk med korta/actions som du kan oppgradere.

No spelte me til fem goals; eg trur ikkje eg kunne tenkt meg å spele til fire. No når spelet slutta var eg “nøgd”; det var tett på slutten og eg hadde fått utvikla meg omtrent slik eg ønskja. Eg sat også med action-kort eg ikkje hadde fått testa ein gong.

Om me skulle ha spelt til fire goals, trur eg det hadde blitt opplevd altfor kort; då tenkt graden av utviding/utvikling. Kan hende eg tek feil, men eg trur ikkje opplevinga hadde vore den same.

PS: Eg ser ein stor feil me (truleg) gjorde; jamfør Sten Ole sin regel-kommentar ovanfor: “Trade tokens: Max 3 tokens per fokuskort”. Eg var vel oppe i tolv ein periode på eit kort. Følte likevel det balanserte seg ut, då alle samla, eller hadde moglegheita til det. Men det forklarar jo også korleis me kunne gå tom for tokens hehe.