Reply To: Co2 – second chance

#2163
Sten Ole
Participant

Angåande “drøyt og repetativt”: Eg er litt enig på ein måte. Du har i grunn 3 actions, skissere eit kraftverk, bygge infrastruktur til kraftverket og å ferdigstille kraftverket. Dette er grunnsteinane i spelet; og så har du forskarane, tech-kubar og CEP-markedet som minigames.

Det som gjer starten engasjerande er at me alle har interesse av at CO2 mengden holdes nede og at me må forske oss opp til å i det heile tatt bygge kraftverk. Det er altså nok som skjer til å begeistre. Mot slutten er katastrofen allerede avverga og forskning er mindre viktig. Det einaste som betyr noko er kven som får bygge kraftverk og kven som styrer regionane som egentlig handler om akkurat the same. Det blir bare ein grind for å tyne ut victory points. Det blir ein mexican standoff fordi spelarane skjønner at å lage infrastruktur er å gi poeng til motspelarane. Den tilstanden varer kanskje lenger enn den burde.

Men… det er mulig at spelet blir slik fordi me er uerfarne i spelet. Kanskje måten me spelte på er oppskrifta på dårlig spel. Ein driven CO2-profesjonell vil kanskje ignorere å redde verden i det heile tatt og spare korta sine til slutten når det blir skikkeleg konkurranse. Om dette er sant, blir kanskje spelet dårlig fordi det blir eit “push your luck” spel om å tvinge motspelarar til å redde verden.

Mulig spelet også gnagde litt på slutten var at me spelte seint. For mykje tenking og for lite “flow”. Me måtte også slå opp reglar heile tida, heilt opp mot slutten. Og den regelboka, den er skriven av ein sadist.