Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Estoril 1942 – City of Spies › Reply To: Estoril 1942 – City of Spies
25/09/2019 at 10:33
#2244
Sten Ole
Participant
Elegant spel. Låg varighet.
Kompleksitetsnivå er akkurat så høgt som du ønsker at det skal vere. Spelet pålegger deg berre å legge ned ein brikke som skal vere inntil ein annan av brikkene dine eller på kanten av brettet. Så speler spelet seg sjølv. Eventuelt kan du gå inn i spelet med intensjon om å memorere kva agentar motspelarane har, berekne kva som skjer først med kven, psyko-analysere motstandarane for vite kva dei kjem til å gjere, finrekne poeng og forhåndssikre end-game-poeng-brikkene.
God regelbok, for dei som liker å lese sånne.