Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › 2-player: erfaringar og vurderingar › Polis – Fight for the Hegemony › Reply To: Polis – Fight for the Hegemony
Bra poeng med reglane. Godt å sjå at prisen også kan gå litt ned. Eg vil presisere litt.
Du kan berre bruke felt som er lik eller mindre enn runden du er på. Det betyr du får fortsatt bruke 3-ar transaksjonane gjennom heile spelet.
Å handle korn for sølv vil alltid prisen vere 1:1. I tillegg skal du trille 1d4 to gongar og flytte prisen den høgaste verdien mot venstre.
—
Om spelet: Eg likte det. Om du gjorde “dumme” ting blei du seriøst straffa. Om du handla vekk tannhjulet i motoren din sliter du noko heilt ekstremt. Målet blir derfor å spele etter ein strategi som er berekraftig og ekspansjonistisk… i teorien. Kanskje eg får det til neste gong.