Reply To: Twilight Imperium

#2429
Jarle Haktorson
Keymaster

Eg har ganske god kontroll på reglane i spelet og reknar med at folk spør om ein er usikre. Er eg sjølv usikker, så slår me opp og finn ut av ting.

Fordeling av skip ved bombardment: Slik har me alltid spelt det. Om nokon brøyt regelen i går, har ein gløymt at det er slik.
PDS beskytter mot bombardment: Dette står på PDS-en og er spelaren sitt ansvar å hugse på.
War Sun mot PDS: Fjernar Planetary Shield; står også på War Sun-en og er spelar sitt ansvar å hugse på.
Ground Troops og bombardment: Nei, du treng ikkje troppar med, du kan bombe i filler utan folk. Dette står også i reglane (med utheving av meg):

INVASION
Step 1—Bombardment: The active player may use the “Bombardment” ability of any of his units in the active system.
Step 2—Commit Ground Forces: IF the active player has ground forces in the space area of the active system, he MAY commit any number of those ground forces to land on any of the planets in that system.

Med andre ord; OM du har ground forces så KAN du lande dei. Med andre ord igjen; du kan ha bombarda utan å ha hatt med deg ein einaste Ground Troop inn i systemet.