Reply To: Black Angel

#2674
Sten Ole
Participant

System 1: Romskipet flyr gjennom verdsrommet. Du sender ut romskip på missions for å handle med romvesen (som gir ressursar o.l.). Dette tiltrekker seg Ravager-romvesen som skader skipet (og gjer visse handlingar dårligare).

System 2: Du skaffer teknologi som du skyver inn i eit 3×3 grid. Dette gir bonus-ressursar og gir muligheter for end-game-poeng. Kvar gong du skyver inn ny teknologi blir bonusane flytta slik at du får andre comboar tilgjengeleg.

System 3: Terningar styrer handlingane dine. Du har terningar som er litt meir dine. Dette bruker du til å gjere actions i løpet av spelet. Du kan også “stjele” andre sine terningar ved å betale ressursar. Ulike fargar gjer ulike actions. Fleire pips på terningen gir fleire aktiveringar. Men triller du høgt er det nettopp dei terningane som blir kjøpt av rival-AIane. Målet er (kanskje) å trille middelmådig og å stjele når du kan.

System 4: Kvar ressurs har ein funksjon. Romskip blir brukt på å fly til romvesena. Diamantar kjøper actions eller beskytter actions frå å bli kjøpt. Debris gjer at du kan manipulere dårlige terningar til å bli betre. Robotar markerer territoriet ditt når du går på oppdrag eller når du griper kontroll over terningfargane.

Spelet er i “tung euro”-kategorien. Reglane er relativt enkle, men måten systema henger saman gjer at utforming av ein strategi er vanskeleg. Sjølv å vege mulige handlingar på ein enkelt tur mot kvarandre er utfordrande. Er 2 ravagerkort (pga reparasjon) til å kjøre teknologimanskinen din meir verdt enn ein poenggruveavtale med dei grønne romvesena? Kven veit? Om du har satsa mykje på blåe terningar er det kanskje lurt å slukke brannen i den blåe seksjonen av skipet? Eller må du heller tenkje på å unngå at neste runde blir bortkasta ved å stjele den gule 2-ar-terningen til sidemannen?

Regelheftet er designa for å gi epileptiske anfall, men player-aidane er dei beste eg har sett på ei stund. Dette er eit moro konkurransespel som eg ennå er usikker på om det går an til å mestre som normalt menneske.