Reply To: Spirit Island

#2752
Sten Ole
Participant

Spirit island er eit godt strukturert co-op spel der ein speler ein av fleire ånder som saman med andre ånder skal hindre kolonisering på øya di.

Kolonisering skjer via eit ordna mønster med oppdagelse, bygging og ødelegging som fyller øya di med bygningar og ødelagt natur. Mønsteret er forutsigbart som gjer åndene i stand til å planlegge og fordele motstand som dreper eller hindrer kolonistane i å etablere seg. Samtidig må åndene planlegge korleis dei utvikler styrken sin.

Hovedmotstanden skjer via krefter med konkrete reglar og effektar på kort. Alle åndene har styrker og verktøy som er unike. Problemet er heile tida å finne kva krefter som skal tas i bruk og i kva rekkjefølje dei bør brukes.

Spelet åpner for ulik spelestil alt etter kva ein likar. Spelegruppa kan gruble saman om å utføre den ultimate planen. Dette krever mykje tankekraft og tek mykje tid og kommunikasjon. Det går også an å spele med mindre samarbeid der alle gjer turane samtidig på rotete vis. Dette er ein kjappare måte som minsker tyngden på dette i utgangspunktet tunge spelet. Beste måten å spele på ligg ein plass mellom desse ytterpunkta.