Reply To: Republic of Rome

#2852
Jarle Haktorson
Keymaster

Albonius kjende blodet straume. I dag skulle han gjere Jarlonius-faksjonen stolt! Han såg ned på kniven. Den skulle inn i strupen på den altfor mektige Macedonius ifrå Stenolius-faksjonen. Hans død ville bringe fred til heile Roma, eit Roma som var i klørne til Stenolius-faksjonen og hans medsvorne. Albonius såg seg sjølv bli løfta og jubla fram av folket, i det ei ny tid for Roma skulle vekse fram!

“Eg klarar dette sjølv”, tenkte han, “leigemordarar er bortkasta pengar”. Han sneik seg bak Macedonius, haldt kniven i stødig hand… “DØ, SVIN!”, ropte han, medan knivbladet snitta seg såvidt under haka på Macedonius, før han glapp taket på kniven som segla bortover rommet. Rundt han stod tre andre senatorar og sju vakter og såg på han. “Eh…”… Fire sekund seinare låg Albonius død på bakken.

Furius; som faksjonsleiar for Jarlonius, står du her tiltalt for å ha tillete angrepet på Macedonius; kva svarar du?!
Eh…jo, altså…
Du skal tilatale oss som “Ærede forsamling” og hedre gudane før du seier noko!!!!
Ehh…ærede forsamling og ærede gudar…eh….de vil vel ikkje gjere noko mot stakkars meg…? Eg som har vore Censor i fleire periodar og greier..?
Der du utnytta din posisjon til å skjule forbrytelsane til dine eigne?!?!
Eh..ja, kanskje, men eh…tenk om Albonius hadde klart drapet, det hadde vore bra vel, men Fortuna var ikkje på mi side, jævla gud, og så…
Så du innrømmer korrupsjon, innrømmer drapsforsøket og spottar gudane!?!?! Dette er den mest elendige forsvarstalen eg har høyrt nokon gong!!! Av med hovudet hans, og dra fram resten av Jarlonius-faksjonen sine elendige senatorar, så me kan dømme dei også!!!

Macedonius klarte ikkje å skjule smilet sitt. Hans posisjon var no endå tryggare. No kunne han endeleg diktere Roma som han ville. Han måtte berre kvitte seg med nokre små krigar først…

Slike ting som dette, og meir, er med på å gjere “Republic of Rome” til eit veldig gøy spel!