Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Dominant Species › Reply To: Dominant Species
Det er slutten på brettspelsommar 2020 på Sunde skule. Istida nærmer seg. Fire dyreartar blir satt på prøve: Ornithurae Runus, Amphibia Stenolus, Reptilia Sturlus og Arachnida Anders.
Kuldebølga set press på mykje av dyreriket tidleg som fører til at dei prøver seg på nye typar mat. Unntaket er dei seintutviklande (nokon vil til og med sei “tilbakeståande”) reptilane som på mystisk vis er lite påvirka av kulden som brer seg vekk frå dei solrike slettene i sørøst. Fuglane prøver seg på larver, amfibiane går etter kadaver og edderkoppane vel å spise amfibiar.
Våtmarkene til amfibiane i nord fryser til og ambiane som ikkje sett seg fast i edderkoppnett klarer å flykte til nye våte strøk i sørvest. Imellomtida svulmer edderkopp-populasjonen til det heilt absurde. Junglane yngler med beinfylte kryp i alle slags former. Fuglane viser seg som kjempetilpasningsdyktige og inntar den skrinne frosne tundraen, tydelig klar over dette er framtida for verda og det er betre å venne seg til kulden før enn seinare. Edderkoppane tar opp kampen på territoriet, men må etterkvart innsjå at det ikkje er nok larver igjen til å holde liv i den enorme populasjonen.
Amfibiane klarer på tross av innavl lenge å beholde muligheten til å ete kjøtt, men dette kjem på bekostning av genetisk stagnasjon. Fuglane lærer seg meir eller mindre å spise alt organisk materiale. Reptilpopulasjonen ligg stort sett urørt og utvikler intelligens som gir dei ein tydeleg fordel i konkurransen. Imens herjer vinteren i andre strøk. Edderkopp-populasjonen blir sterkt redusert etter at larvene fryses inn i isen.
Amfibiane sin gullalder tek slutt brått og brutalt. Med både pest og ein nesten ugudeleg velplassert vulkan blir nesten alt artsmangfoldet utraddert. Berre dei mest hardføre frøspisande amfibiane med keramikksko klarer seg. Fuglane brer seg utover etter dei lærer å spise fisk. Til og med den edderkoppfylte jungelen blir invadert av fuglar som no legger egg fortare enn kva som har blitt observert sidan Wingspan.
Parasittisk aktivitet blant alle artane fører til meir aktivitet, men spelerommet er innskrenka etter at artane stort sett har maksimert utnyttelsen av kva DNAet i dei ulike dyregruppene kan få til. Isalderen inntrer og gjer tundraen nesten heilt ubeboelig. Fuglabæsj over heile verda vitner om kva dyregruppe dominerte i denne overgangen.
På tross av det ugudeleg urettferdige og ufortjente utfallet fortsetter dominant species å vere verdas beste spel.