Reply To: SpaceCorps 2025 – 2300 AD

#2923
Sten Ole
Participant

Noko gjekk galt forrige gong me spelte dette. Det gjekk endå verre i går. Absurd uflaks og flaks gjorde at hjula datt av spelet i era 2 denne gongen. Me avbrøyt spelet uten å spele era 3. Det var tragikomisk å sjå korleis exploration-tilane kom ut på akkurat rette måten til å skade Rune og favorisere alle andre.

Det som redda kvelden for min del var å sjå Rune og Tor Inge gå for dei same asteroidane og kontraktane, og dermed totalt øydelegge for kvarandre… tur etter tur, som to fartøy på kollisjonskurs der ingen viker unna. Men den gleden har meir med min mørke natur å gjere enn med spelet.

Spelet lever eller faller på tematikk. Mekanikkane og variansen gjer uheldigvis at du lett mister innlevelsen. Du ønsker at dette er eit slags Terraforming Mars, men du sit igjen med eit bingospel som varer for lenge. Dette er det verste GMT-spelet sidan Blackbeard. Eg trekker tilbake all ros eg tidlegare har gitt spelet. Eg blei hypnotisert av dei fine bildene av planetane.