Reply To: On Mars

#3009
Sten Ole
Participant

Erfaringar frå speling 17. mars 2021:

Eg hadde Rune og Tor Inge som mine arge konkurrentar. Tor Inge startar i rommet. Rune på bakken. Eg velger å gå for advanced buildings blueprints i rommet fordi det gir ein brukbar motor med tidlege ressursar og executive actions som kan vere veldig sterke. Rune har ferjekontroll og set han slik at eg og Tor Inge er stuck i rommet i 2 turar.

Eg havner etter kvart på bakken og lager ein bygning som hjelper meg å legge vann-tiles. Men eg manglar krystallar til å bruke han. Eg må derfor vente. Tor Inge har rekruttert hydrologen. Han snapper vann-tile actionen. Eg kan no gjere same action, men den gir ingenting tilbake lenger. Eg taper tid. Eg blir sittande å slite. Roboten min står feil. Eg flytter han, men Rune bygger shelteret sitt slik at roboten no står endå meir feil. Tid går tapt.

Eg går opp til romstasjonen for å produsere ressursar med mine advanced buildings. Det er lite å gjere der oppe. Tor Inge har tømt ressurslageret. Rune har tatt all techen. Blueprintsbutikken er tom. Alt dette fordi ingen byggjer tiles. Tid går tapt… igjen.

Eg har ein plan no. Roboten min må reise opp til tile-typane som gjenstår å melke. Det er vanskeleg å kome seg forbi alle trebrikkene som står i vegen. Tid går tapt. Eg innser også at eg ikkje har god krystallinntekt og manglar folk. Blodkara i hjernen sprekker.

Eg har fire turar med actions eg bør gjere for å stabilisere. Ny robot er første steg gjennom rakettactionen som eg venta alt for lenge med. Det får den raude missionkuben til å flytte seg. Eg ser på tilstanden på brettet. Spelet er i fare for å slutte tidleg. Stress!

Eg går inn i poengkalkulatormodus. Eg ser at luft-tiles gir meg 12 poeng. Det gjer eg utan å eingong vurdere andre ting. Kolonilevelen auker og spelet går inn i siste runde. Eg ser eg ligg an til 22 poeng, men så endrer konkurransen seg.

Rune og Tor Inge konspirerer mot meg. Dei ser luft-tilen med mitt navn på. Tor Inge hamrer inn tung argumentasjon for sabotasje, og Rune følger på med å stjele luft-tilen. Eg må rive opp konvolutten merka plan B. Inni er det ein kontrakt som krever liten innsats og gir berre 9 lusne poeng.

Tor Inge og Rune griner i avmakt når poengopptellinga begynner. Det viser seg derimot at min strategi var sterk på å starte opp og hauste poeng underveis, men Rune hadde fordel på samtlige end game-elementa i spelet. Sjokkerande nok går den lilla poengbrikken forbi den spygrønne. Hjernen klarer ikkje å prosessere resultatet etter overbelastningen. Men i det fjerne høyrer eg ein latter med portugisisk aksent som ler av meg…