Reply To: Dominant Species: Marine

#3012
Sten Ole
Participant

Livet som snylteblekksprut er hardt. Du sprer deg utover verden, klar til å ta imot dei som melder seg som vert. Og av uviss grunn gjer alle alt dei kan for å befolke andre deler av verden. Men til slutt kjem dei. Landområdene er for frodige. Og dei merker det knapt, berre eit lite stikk. Eit VP her og eit VP der.

I det marine dyreparlamentet blir det reist debattar om korleis løyse problemet. Dei er litt distraherte av territorial-tvistar i vulkanregionen. Fleire reptilartar og fiskeartar er avhengig av dei svovelrike avgassane. Det blir likevel gjennomført ein antiblekksprut-traktat.

Men sjølv med naturkatastrofe etter naturkatastofe og aktiv bruk av rensefisk er blekksprutens evne til å legge egg i dei djupaste hulromma i andre dyr uovervinneleg. I ein av evolusjonens rare tilfeldigheter, får blekksprutane ein spesiell smak for sine fjerne søskenbarn, sniglane. Sniglebestanden blir spist opp til stor skuffelse for fiskane. Men det er ikkje nok. Tidleg suksess er den perfekte måten å bli ei målskive.