Reply To: Pericles – the Peloponnesian wars

#3039
Rune Hanssen
Keymaster

Spel 3

Reglane er 98% no. Litt rusk med redeployment og mangel på basar for League Units, men ellers ganske smooth.

Persian War gjekk greit, og det viste seg at det var lite problematisk for Athens.

Eg gjekk inn i ei meir samarbeidsvillig rolle og fekk med det stabil honor-auke. Den politiske delen i spelet er grei å drive med. Utplassering av military, league, diplomatic og oracle er vanskelegare. Kor mykje skal ein snakke? Kor mykje går eg og partnaren i takt? Theater Phase er ikkje enkel, men den er veldig interessant.

Spelet er veldig djupt og eg har enno mange timar igjen før eg kanskje finn ut kva Sparta er i stand til. Denne gongen kom me til starten på runde 5 og eg hadde gløymt at dersom Peace issue kom gjennom stoppar spelet med ein gong. Dermed fekk ikkje Sparta knuse Athens tilbake og Athens vann enkelt.
4 timar speletid. Ser fram til neste gong.

Spartaaaaaa!