Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Oath – Chronicles of Empire & Exile › Reply To: Oath – Chronicles of Empire & Exile
Dette spelet trur eg blir gøy med fleire. Litt vanskelig å forklare kortfatta kva det går i. Spelet handler om maktkamp i 20 dimensjonar. Spelet har Chancelloren, Eksilar og Citizens. Chancelloren skal halde ein Oath som kan f eks vere å ha militærmakt i kongeriket. Eksilane kan utfordre denne oathen, bli usurper og vinne. Evt kan dei få ein “vision” som gir dei ein alternativ måte å vinne på. Citizens prøver å oppnå eit predefinert mål om å bli successor mens dei samtidig hjelper å halde eksilane i sjakk. Eksil- og citizenrollene er heller ikkje totalt fastlåste så situasjonen er heile tida litt flytande. Det er heller ikkje berre Chancelloren si rolle å slå ned på alle seiersforsøka i spelet. Det er alle mot alle.
Spelet bruker kort med spesialkrefter og faksjoner som du bruker som verktøy for å nå måla dine. Pengar som du bruker hos nomadane går til nomadane. Når du selger hemmelighetar til ein faksjon, er du avhengig av at dei har penger å bruke. Pengane i spelet er i ein lukka økonomi som kan bli svak eller sterk etter kvart som spelet går. Korta er også i ein lukka økonomi der alt som blir discarda blir resirkulert. Discardkorta er billiggare enn nye kort. Så dei same korta setter sitt preg på gjennomspelingen. Dette gjer at du blir kjent med verktøya som du har til rådighet.
Spelet er både komplisert og mekanisk lettlært. Eit godt spel for folk som er betre til å skjule den kløyde tunga enn meg.