Reply To: Voidfall

#3801
Rune Hanssen
Keymaster

Fekk testa full gjennomgang på nivå 3-2.
Spelet er ein konkurranse i å få utnytta kombinasjonar av symbol, metal, plast og papp kvar tur. Du sit for det meste for deg sjølv og eltar hjernedeigen. Eg vil tru speletida vil kortast ned etter nokre spelingar. Kampsystemet er ei problemløysing framfor guts and glory, noko som passar dette spelet.

Eg fekk assosiasjonar til Cidereal Confluence i eit meir kompakt system. Episk? Ikkje akurat, men det er tilfredstillande å få til ting, og eg var nøgd med poengsummen på slutten.