Reply To: Vindication

#3848
Sten Ole
Participant

Prosjekt Vindication er i gang!

Eg har lurt med meg Vindication heim til klargjering av speling. Målet er å få testa den nye ekspansjonen til Chronicles samt andre rare modular som me sikkert ikkje kjem til å bruke så mykje igjen, berre for å få litt feel på dei. Eg prøvde først å researche digitalt, men dette var vanskeleg siden eg ikkje hadde oversikt over kva ekspansjonar som me hadde og det er faktisk ikkje lett å organisere alt uten at du har det foran deg.

Eg har lest gjennom det som er av reglar. Så per 31. desember så kan eg reglane, men desse er kanskje gløymt neste veke, men håpet er at eg hugsar nok til å få spelet på bordet. Som potensielt problem ser eg at utenom grunnspelet så er player-aidane mindre hjelpsomme. Me får sjå om dette er eit problem eller ikkje.

Oppsett med ekspansjonar viste seg å ikkje tillate at eg fritt kunne kombinere som eg ville. Spelet er ganske bestemt på at det skal vere 19 tiles med i spelet og kvar modul og ekspansjon legger til litt forskjellig. Ekspansjonane er også ganske bestemt på at visse ting må med og andre ikkje. Chronicles måtte med. Leaders/Alliances er med. Trekant- og monument-modulen er med. Og boss-fight-modulen er med. Då var det lite plass igjen, så det blei wishing well og secret mission tilen som tok dei siste plassane. Teleport-tilane og jewelry-modulen fekk ikkje plass. Så no skal alt det ligge klar i “Scum-bagen”.

Chronicles har events som pågår på kartet som me må ordne opp i. I tillegg vil me når me trekker kort også få ein historie og eit valg når det skjer. Dette er med på å låse opp nye abilities og bonusbrikker. I tillegg er det ein festival me kan bruke investere oss inn i. Eg er litt optimistisk at det gir spelet meir drama og mindre regnskapsfører-følelse, men kan hende det berre oppfattes som nye tannhjul i ein grå maskin.

Leaders/Alliances går ut på at når vi får nok honor, kan vi bruke krefter på å smøre ledarane i ulike faksjonar som gir oss nye abilities. Vi kan også bruke inflytelsen vår på å lage alliansar mellom ledarane. Eg trur denne ekspansjonen egentlig ikkje er god. Du har abilities som står på kort eit stykke unna deg. Og dei er heller ikkje dei mest spennande. Dei er kanskje heller ein måte å omgå problema ein møter ute på brettet. Eg er skeptisk.

Trekant- og monument-modulen er mykje forskjellig. Du har ein trekant som nesten kan brukes til alt. Alt frå å skaffe gratis honor til å beskytte kontroll, hjelpe å ha kontroll på companions og å bygge monument for honor. Trekant-brikkene virker som at dei er mest integrert for bruk i spelet. Mitt problem med dei er at dei har så mange bruksområde som ein ikkje har kontroll på og at dei er totalt utematiske.

Boss-fight-mondulen går ut på at når nokon finn ut at dei skal provosere bossen på midten av kartet, så starter ein kamp som alle må ta del i. Då vil alle på tur risikere å miste ein companion og bruke krefter for å drepe bossen. Det ender anten ved at vi vinner kampen og alle får bonusar eller at alle companions døyr og bossen får ein reset og me må fortsette spelet igjen på normal måte til bossen blir vekka igjen. Eg trur dette er den skumlaste av modulane. Egentlig er det sannsynleg at me berre jobbar rundt han, og då er han jo i praksis berre ein død tile. Det som er “fint” med han er at han har ein ganske enkel trigger å forstå. Inntil det skjer, så kan me berre ignorere kva reglar som gjeld. Dei kan me slå opp når det skjer.

Prosjektet krever ein dugnad uten like siden eg trur at minst to av modulane ikkje er liv laga, men det er uansett greit å få prøvd dei. Vindication er eit spel med 100 idear der nokre er gode og andre er elendige. Om me klarar å finne eit speloppsett som fungerer, så har dette spelet kanskje ei framtid i klubben.