Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Voidfall › Reply To: Voidfall

Korte refleksjonar av ny gjennomkøyring, fire spelarar.
Aggressivitetsnivå 4/4
Kompleksitetsnivå 4/4
Speletid: Ca. 5 timar
I speletid 5 timar ligg aktiv speletid. Oppsettet tok halvannan time, og det er vanskeleg å korte dette særleg ned; kanskje ned i ein time om ein hugsar alle komponentane og korleis ein skal gjere det. Men: Dette er berre eit “problem” om alle møter til speling og opnar eska; det beste er at ein person møter før dei andre og gjer klart spelet. Då kan det meste vere klart, bortsett frå prosessen med å velje rase og klare sin heimeplanet, teknologi osv. Så om nokon “ofrar” seg og vil gjere oppsett før speling, er det klart det beste (eg trur også det er eit “must” for at folk skal orke å møte).
Men sjølve spelinga er framleis veldig god! I går spelte me eit veldig aggressivt brett, med masse våpenteknologiar, skipstypar og Voidborn overalt. Eg valte ein krigersk veg og køyrde 1-2 angrep kvar einaste runde og landa på rundt 280 poeng. Marius trur eg aldri var i ein krig, utvikla plassane sine, produserte som ein helt og enda på rundt 250 poeng.
Denne forholdsvis vetle forskjellen i poeng meiner eg viser at sjølv om kartet/teknologien/rasane (som alle er ulike for kvart scenario) legg opp til ein viss spelestil, er Voidfall framleis eit sandkassespel, der du kan gjere det du stort sett vil. Marius var nok litt redd for sine aggresive naboar (meg, Tor Inge og Bjarte), men han fekk vere i fred, då det var meir enn nok Voidborn å angripe.
Spelet er framleis like bra, og med eit ferdig oppsett, er det lett å setje seg ned og spele det!