Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Pax Hispanica › Reply To: Pax Hispanica
Eg har hatt gleda av å treffe, snakke med og spele med Phil Eklund to gonger. Han er veldig jovial, og har i e-post invitert meg til å besøkje han i Stockholm, der han bur til vanleg. Det er jo artig, men: Han likar veldig godt å snakke om spela sine. Så om det regelspørsmål, send dei gjerne rett til phileklund@gmail.com, så får ein nok svar.
Eg har veldig lyst å prøve Pax Hispanica, for eg likar spela hans. Pax Porfiriana er framleis ein av mine favorittspel; først gav ingenting heilt meining, og så brått var det eit veldig enkelt spel. Pluss: Me må prøve Pax Pamir på ny; no gir det sikkert meining. Eg trur forresten fleire av hans spel er slik; ein må spele dei fleire gonger for å “forstå” dei. Litt som Hideo Kojima i dataspel.