Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

#4561
Jarle
Participant

Som eg skreiv i min “review” for eit år sidan; “…føles SETI som ei naturleg vidareutvikling av Terraforming Mars”. Den kjensla er no endå sterkare med ekspansjonen, som gir deg eit Agency som kan gi deg ei retning i spelet; veldig likt Prelude frå TM. Der ein går frå Risk til Axis & Allies, går ein her frå Terraforming Mars til SETI. Ok, litt dårleg samanlikning, men du forstår. TM er eit koseleg spel med hundre ting å finne på frå ein kortbunke på 1000 kort, der SETI er eit litt meir “hjernekrevjande” spel med 1000 ting å finne på frå eit kortbunke med 1000 kort (føles det som). Etter to gjennomspelingar no, er det SETI blitt “koseleg”, og eg kan farte rundt og plassere satelittar i bane eller breache alien romskip eller utvikle supercomputeren min eller kva eg vil; det er ein sandkasse av moglegheiter og gøy som etter ein gong eller to gjer det koseleg, utfordrande og gøy på same tid, og veldig truleg ein plass på Topp 5 når året er omme.