Ankh – Gods of Egypt

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • Author
    Posts
  • #3883
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Ankh

    Eric Lang i kjend stil. Veldig dynamisk spel med lettfattelege reglar. Kul struktur på turane.

    #3921
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Dette var eit veldig enkelt spel. Kanskje det enklaste me har? I alle fall når det kjem til reglar. Her er det berre å hoppe inn og krige. For i kjend Lang-stil, er krig og kontroll sentralt. Spelet er ein blanding av Blood Rage, Rising Sun, Kemet og kampkorta frå Rex/Game of Thrones.

    Du styrer ein av gudane i Egypt, og målet er å bli den mektigaste guden. Då må du byggje monoment til di ære, ta over andre sine monument, samle tilbedarar og krige mot andre gudar. Tilgjengelege actions er styrt på ein artig måte; du har to actions å velje iblant av fire, men tek du ein action, må neste action vere “lågare” på lista enn den andre. Så om du tek action nr. 3, må neste vere nr. 4. Og selvfølgjeleg har du gjerne lyst å ta action nr. 4 først av og til, og då mister du ein action…

    I tillegg er det slik at den som utløyser “round-end”-triggeren på ein action, også løyser ut ein bonus. Som å score poeng for alle templa sine. Difor har du kanskje lyst å ta ein action for å løyse ut denne bonusen, sjølv om actionen i seg sjølv ikkje er så optimal for deg. Dette skapar interessante val.

    Den eine bonusen er veldig artig. Då får du, ved hjelp av kamel-karavanar (!) lov å dele spelebrettet opp i mindre delar, som så blir permanent ut spelet. Så ein spelar som kontrollerer eit stort og mektig område, kan brått bli isolert på ein ørkenflekk, fordi ein motstpelar delte opp området hans og mura han inne. Slikt er gøy.

    Samtidig kan du, i kjend Lang-stil, rekruttere monster for å sloss for deg. Desse har eigenskapar som bryt reglane i spelet, som å kunne leve i, flytte seg og sloss frå vatn.

    Ein ganske unik mekanikk, er ca. 3/4 ut i spelet, kan ting endre seg veldig. Dei to gudane som då er på siste plass, for å unngå å bli gløymd av historia, slår seg saman og kombinerer kreftene sine. Begge to spelararane styrer då denne eine, nye, mektige guden, med kvar sin action. Då får ein også moglegheita til å velje same action begge gonger, om ein koordinerer dette. Dette er ein kul mekanikk for å få dei som ligg bak, til å kunne kome seg opp og vinne saman. (Det er også ein player-elimination-mekanikk i spel, men den kjem så seint i spel, at det truleg “går fint”).

    På testkøyringa var me tre stykk, mest for å lære reglar. Det er ei eiga scenario-bok, som legg føringar kven som startar kor med kor mykje osv. Me merka nok fort at dette er eit 5-player, ev. 4-player spel. Tre stk. blei litt “tomt”, og spelet er også kjøpt inn for å vere eit 5-player alternativ i klubben.

    Spelet er også ganske raskt å spele, eg tippar maks to timar frå oppsett til nedpakk, og kan såleis fylle ein del hol på ein spelekveld.

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.