Arcs

Viewing 1 post (of 1 total)
  • Author
    Posts
  • #4285
    Sten Ole
    Participant

    Arcs er gøy, lett, kaotisk og brutalt. Spelet starter med alle mistenkeleg nærme kvarandre og verre skal det bli. Spelet handlar om å ha mest av ressursar eller krigstrofear. Dette oppnår du gjennom krigføring. Ødeleggelse sprer seg overalt. Å gjere “konstruktive” ting blir møtt med tjuveri og plaging. Alt som er ditt er plutseleg ikkje ditt lenger. Det er fri flyt av varer og mannskap til den som er den største plageånden. Brettet på slutten av spelet seier alt. Det er rester av fallerte planar overalt, skada skip som ikkje er verdt å gjenopplive. Til og med aspirasjonane dine til å gjere ting er utsatt for sabotasje. Om du prøver å influense mannskap gjennom dyrebare actions, kan disse likevel fort bli tatt fra deg. Alle diplomatane dine blir tatt til fange berre for å straffe deg litt meir for å ha prøvd å gjere noko.

    Som om ting ikkje var gale nok, varierer spelet handlingskrafta di ekstremt. Du har dine actionkort som du blir utdelt i starten av runden. Dei styrer kva du får lov til å gjere og kor mykje du får lov til å gjere. Det er her spelet moser knyttneven i ansiktet først. Brettet tilseier at du treng kampactions, men kanskje du berre får servert move og influence? Velkommen til ein runde der du blir bomba i stykker. Kanskje du har tusenvis av build actions, men fordi tingene dine er i god stand og står tettpakka i få sonar så har du ikkje mulighet til å bygge.

    Actionsystemet kan det skrives mykje om. Eg var litt skeptisk til pseudo-trick-taking-systemet, men det passer spelet bra og gjer berre spissen på stilettstøvelen endå spissare. Jo meir du har initiativ, jo meir makt har du i runden. Og ironisk nok, jo betre kort du har til å halde på initiativet, jo mindre får du gjort. Etter kvart kan nokon overta initiativet med å spele same farge og høgare tal. Men rettferdigheten får ikkje eksistere i dette spelet. Det er måtar å stjele initiativet på! Har du forresten lyst å score poeng? Hahahahaha! Då må du ha initiativ, og i praksis gi det vekk, velge ut noko du gjer det bra på og teikne ein stor blink på deg sjølv. Det er no jaktsesong på alt du elsker og er glad i.

    Arcs er ikkje eit spel om imperiebygging. Arcs omhandler menneskehetens dekadente og destruktive natur når det ikkje finnes eit samfunn til å tøyle vårt mørke indre.

    8/10

    Reglar, reglar, reglar…

    Surpass
    Hugsar ikkje om me gjorde dette feil eller ikkje. Følgekort i same farge som leierkortet må vere høgare på talet for å få alle action-pippane. Kan hende at me bomma på dette når me spelte. Lågare kort må speles oppned som “copy”.

    Prelude
    Det er litt mini-reglar for preluden. Den viktigaste er at vi ikkje kan bruke Prelude-effekt frå guild-kort same prelude-fasen me får dei inn (f eks via ressursbruk). Det andre er at ressursar som vi betaler i preluden ikkje kan ervervast i same preluden med andre effektar.

    Intercept
    Når det blir trilla intercept (sirkel) på terning i kamp, er det angriparen som bestemmer kva skip som blir skada. Angriperen tek alle aktive val.

Viewing 1 post (of 1 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.