Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Black Angel
- This topic has 1 reply, 2 voices, and was last updated 4 years, 7 months ago by Sten Ole.
-
AuthorPosts
-
28/03/2020 at 00:02 #2673Rune HanssenKeymaster
Jorda er ferdig og langt fram i tid er romskipet «Black Angel» på veg mot planeten Spec. Lasta med menneskeleg DNA er det klart for atterføding av menneskearten. Som ein av fire A.I. System, skal du gjere det beste for skipet sin suksess.
Interessant spel for oss som likar tung mekanikk og eit hav av val.
28/03/2020 at 02:30 #2674Sten OleParticipantSystem 1: Romskipet flyr gjennom verdsrommet. Du sender ut romskip på missions for å handle med romvesen (som gir ressursar o.l.). Dette tiltrekker seg Ravager-romvesen som skader skipet (og gjer visse handlingar dårligare).
System 2: Du skaffer teknologi som du skyver inn i eit 3×3 grid. Dette gir bonus-ressursar og gir muligheter for end-game-poeng. Kvar gong du skyver inn ny teknologi blir bonusane flytta slik at du får andre comboar tilgjengeleg.
System 3: Terningar styrer handlingane dine. Du har terningar som er litt meir dine. Dette bruker du til å gjere actions i løpet av spelet. Du kan også “stjele” andre sine terningar ved å betale ressursar. Ulike fargar gjer ulike actions. Fleire pips på terningen gir fleire aktiveringar. Men triller du høgt er det nettopp dei terningane som blir kjøpt av rival-AIane. Målet er (kanskje) å trille middelmådig og å stjele når du kan.
System 4: Kvar ressurs har ein funksjon. Romskip blir brukt på å fly til romvesena. Diamantar kjøper actions eller beskytter actions frå å bli kjøpt. Debris gjer at du kan manipulere dårlige terningar til å bli betre. Robotar markerer territoriet ditt når du går på oppdrag eller når du griper kontroll over terningfargane.
—
Spelet er i “tung euro”-kategorien. Reglane er relativt enkle, men måten systema henger saman gjer at utforming av ein strategi er vanskeleg. Sjølv å vege mulige handlingar på ein enkelt tur mot kvarandre er utfordrande. Er 2 ravagerkort (pga reparasjon) til å kjøre teknologimanskinen din meir verdt enn ein poenggruveavtale med dei grønne romvesena? Kven veit? Om du har satsa mykje på blåe terningar er det kanskje lurt å slukke brannen i den blåe seksjonen av skipet? Eller må du heller tenkje på å unngå at neste runde blir bortkasta ved å stjele den gule 2-ar-terningen til sidemannen?
Regelheftet er designa for å gi epileptiske anfall, men player-aidane er dei beste eg har sett på ei stund. Dette er eit moro konkurransespel som eg ennå er usikker på om det går an til å mestre som normalt menneske.
-
AuthorPosts
- You must be logged in to reply to this topic.