Black Forest

Viewing 1 post (of 1 total)
  • Author
    Posts
  • #4306
    Sten Ole
    Participant

    Black Forest er eit spel om glassmaking i middelalderen, eller er det eit spel om å vere bonde? Det er i alle fall det du driver med. Du er ein landeigar som samler kyr og grisar, dyrkar marka som er. Og så har du ein plagsom glasmakar i skogen din som stjeler sand og tømmer og dumpar glass i lageret ditt. Du har også ein kokk som også tek seg til rette med ressursar som du kanskje hadde andre planar for. Maten han lager er essensiell for å kunne gå frå by til by. Du blir tydeligvis svolten av å gå lenger enn litt.

    Kva skal du med alt glaset? Det viser seg at nye bygningsforskrifter krever at dei fleste nye bygg skal bruke glas. Du har ein gigantisk meny av bygningar som du kan lage. I god Rosenbergånd får du også einerett på idéen slik at andre ikkje kan bygge det same bygningen. Desse bygningane brukar du for å gjere innsamling av enkle ressursar litt mindre tidkrevande.

    På middelalderen var det også tradisjon for å alltid handle med to torghandlarar samtidig. Du stiller deg mellom to torgvogner for å få det som dei tilbyr. Betaling er selvfølgelig noko som først blei funne opp i renesansen. Har du litt flaks, har du lyst på det som er på tilbud hos begge. Ellers må du reise til neste by, og då slår ulvehungeren inn, så beste strategien er å ha flaks. Heldigvis kjenner kokken din ein spesielt påtrengande torghandler. Denne torghandleren, som sikkert er nevøen til den lokale baronen, kan presse seg inn på den torgplassen han vil og tvinge den forhenverande torghandlaren til einaste plassen i verden der det er ledig plass, altså der den påtrengande torghandlaren var før.

    Vinnaren er den som har gjort mest av alt etter at ein av spelarane har spist nok mat.

    Black Forest er visuelt og tematisk veldig Uwe-Rosenbergisk. Det har litt snedige ideár. For eksempel i torghandelspelet har du mulighet til å manipulere slik at du får ting akkurat som du vil og at dine venner berre har elendige mulighetar. Ressursane blir lagra på to hjul glass- og mat-produksjon skjer automatisk med å flytte to hjulvisarar istedenfor at du må jukke rundt på 10 ressursbrikker. Reint taktisk sett gjer desse spelet også meir utfordrande fordi glasmakaren din tek ikkje hensyn til at du sparte treverk til å bygge noko viktig. Du kan til ein viss grad halde mentalt styr på når hjulene kjører slik at du budsjetterer for grådigheten til glasmakaren. Motstandarar kan likevel nokre gonger i spelet sende deg ressursar som triggar glasmakaren i aksjon. Så du er aldri heilt trygg. Sjølv med alle særegenhetane i spelet, er feelingen i spelet 100% at du samlar ressursar bonderessursar og gjer dei til bondeprodukter i turvis orden som til slutt endar med poeng.

    Eg likte spelet godt. Det var veldig smooth og hadde få krøllete reglar. Det som tek mest tid i spelet er når du stirrer på valga som du har og nekter å akseptere kor dårlege dei er. Og den følelsen er jo noko av det beste i brettspel, spesielt når du opplever den indirekte gjennom motstandarane. Einaste “negative” eg har å seie om spelet er at det ikkje varer lenge nok. “Spelet er snart ferdig”-følelsen kom veldig tidleg i spelet.

    7/10

Viewing 1 post (of 1 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.