Brass – Lancashire

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • Author
    Posts
  • #1242
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Hand management og action selection. Kjekt tema om den industrielle revolusjen i England. Fin grafikk og grei men «tight» mekanikk om å få det beste ut av kort og pusling rundt transport av ting og tang på brettet.

    Brass - Lancashire

    #1243
    Sten Ole
    Participant

    Spelet lagar ein liten mikromodell av ein økonomi fra industraliseringa av Lancashire og omegn. Manglar kol, blir ting som treng kol dyrare. Manglar stål, blir ting som treng kol dyrare. Samtidig gjer disse tilstandane det lukrativt å lage kolgruver og jerngruver. Det er også eit spel som omhandler å bygge tekstilfabrikkar og å koble disse til marked med jernbane til havner.

    “Handel” mellom spelarar skjer indirekte ved at du berre tar det du trenger fra andre spelarar. Andre spelarar nyter godt av at godset forsvinn og får betalt med auka inntekter og victory points. Med andre ord slepp du å administrere kompliserte markedstransaksjonar som finnes i mange tilsvarande spel.

    Du blir heile tida utfordra på at aktiviteten din hjelper andre spelarar eller at andre spelarar stjeler/blokkerer muligheter. Du er alltid belemra med lite penger og få actions å få til måla dine. Kart-topologien og hånda di med kort setter også rammer for utviklinga di. Alt dette gjer spelet rimeleg tricky. Heldigvis sliter alle med det same dilemma.

    Dette er ikkje eit vanskeleg spel mekanisk og har relativt kort speletid (Mindre enn 2 timar).

    Reglar…

    Intet å tilføre.

    #1244
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Yay! Me nagla reglane første kvelden!

    #1246
    Sten Ole
    Participant

    HAH! Me er like dårlige som alltid.

    Reglar…

    Salg av kol og stål til markedet
    Du får pengar for kol og stål levert til marketed til markedspris. Dette er fortsatt berre mogeleg å gjere i det kolgruva/stålmølla blir bygd.

    Maks industriar i canal era
    Kvar person får bare bygge 1 industri per by i canal era. Denne begrensingen faller vekk i rail era.

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.