Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Civolution
- This topic has 1 reply, 2 voices, and was last updated 4 days ago by Sten Ole.
-
AuthorPosts
-
17/12/2024 at 11:10 #4289Rune HanssenKeymaster
Mykje kjøtt i dette spelet. Eit av dei betre sivilisasjonspel der ein ikkje blir irritert over andre spelarar sine fikserte krigsplanar. Du finn alltid noko å utvikle her. Uforutsigbar terningmekanikk som tvingar deg til å gjere det beste ut av mindre heldige resultat.
Spelet er skremmande første gongen. Eg er imponert over at me klarte å gjennomføre spelet første kvelden det vart opna, puncha og limt. Heftige og fine komponentar. Trur også at reglane vart tolka ganske ok.
17/12/2024 at 16:57 #4292Sten OleParticipant(Bildet til Rune viser ikkje)
Spelet ser skummelt ut, men når grunnmuren i kva som skjer er forstått så er det eit ganske lett spel å spele. Du bruker to terningar og gjer ein ting på den oppgraderbare menyen din heilt til du tom for vetige actions. Så kjører du ein “reset” som gjer at spelet kjem litt nærmare ein rundeavslutning.
Spelet smykker seg i sivilisasjonsklede, men det er for lite kamp om plass eller diplomati til at ein kan kalle seg det. Det er meir som eit fredeleg Nations med eit kart eller Terraforming Mars med strenge reglar for kva actions du får lov til å gjere. Når spelet er ferdig, kan du sjå på kva du har oppnådd. Sist runde var eg den sosialistiske sivilisasjonen med muterte organiske kragar på nakken og krabbeklør som var ekspertar på polering og utvikla porselen, briller og teleskop.
Dei fleste handlingane var liten i skala. Det meste skjer veldig gradvis som kanskje kan oppleves frustrerande dersom du sitter med analyseparalyse over kvart val med terningane dine. Kombinasjonen av terningane sin tyranni og Gaia Project-aktige målsetningar vil også kanskje stå i kontrast med det som du egentlig ønskjer å gjere i spelet. Det er på ein måte veldig tørt og matematisk, men har tilleggssystemer som prøver å bløtlegge ørkenen: Jakt, events, vêrmeldingar, Grimwolves som plager dei lokale osv. Ser ein vekk frå mekanikkane er spelet vellykka i å lage symbolske representasjonar som gjer at ein leve seg litt inn i verden.
Eg likte spelet. Det var “clean” og veldig ekspansivt med tanke på valg og mulighetar. Det er samtidig det beste Feld-spelet eg har spelt (heilt til eg oppdagar ein exploit) og også det med høgaste læringsterskel.
8/10
—
Reglar, reglar, reglar…
Migration
Om du migrerer fleire gonger med samme triben, gjer dei berre ting i siste ankomstplass (displacement, brannpoeng, development).Favor test
På actions som har ein del som er avhengig av ein favortest, tek du testen først før du gjer noko anna. Dette gjer at du kan bestemme deg for å gjere ulike ting basert på om du klarte testen.Stjele terningar
Når det ikkje er fleire terningar å ta frå displayet, velger du ein av spelarane med mest av den typen terning som du vil ha. Den spelaren velger kva terning han mister. Handingen er ulovleg om du er aleine om å ha flest av den typen terning. Hintet er nok at du ikkje bør ta for mange terningar fordi då kan folk stjele terningane dine.Prosperity
Det er diamantsymbol også mellom dei vanlege ressursane. Desse diamantsymbolene er aktive om du har minst ein av ressurstypen over og under. -
AuthorPosts
- You must be logged in to reply to this topic.