CO2

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • Author
    Posts
  • #1168
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Vital Lacerda er kjend for intrikate mekanikkar i Vinhos, Kanban og The Gallerist. I CO2 er det ikkje noko enklare, men no har me så godt som knekt dei trøblete småtinga i spelet. Det kjem ein second edition som visstnok ordnar opp i mykje rusk. Spelet er såpass interessant at eg vurderer oppdateringa når den kjem.

    Karbondioksid - CO2

    • This topic was modified 6 years, 3 months ago by Rune Hanssen.
    #1171
    Sten Ole
    Participant

    Reglar…

    Rundemarkør
    Operation round markøren flytta me baklengs når me spelte. Tilfeldigvis gav det oss 3 operation rounds likevel så det hadde ikkje noko å seie. Om me hadde vore fleire eller færre spelarar så hadde det blitt feil.

    Tiebreaks
    Tiebreaks på kontroll av regionar når alt anna er likt blir avgjort av expertice. Active player er siste momentet. Det var andre som såg på tiebreaks, så kanskje de forstod dette bedre enn meg når me spelte.

    CEP-markedet
    Me skjønte at det blei kluss med dei lilla brikkene. Forskjellen hadde nok i praksis vore at prisen på CEP hadde gått opp med ca 2 per supply phase og at prisen hadde gått opp ved installering av nokre av prosjekta og når me går opp i expertise. I tillegg hadde salg vore blokkert dersom markedet blir tømt på din tur.

    Scientist
    Sceintist-prosjekt-ruta kan, istedenfor å få ny scientist, brukes til å flytte ein av scientistane dine. Eg trur i tillegg scientistane sin free move av og til blei brukt til å puffe ein motstander-scientist vekk mot pengar. Dette er ikkje lov. Prosjektet som blir flytta til må vere tomt.

    Spelet er litt vanskeleg å bli klok på i første gjennomspelinga. Eg trur det trengs to gjennomspelingar før du “ser” spelet.

    Det er eit tre-stegs byggesystem som gjer at den som bygger ikkje eig prosjektene frå start til slutt. Den som utfører siste steget tjener som regel mest på det. Du får med andre ord ikkje eit godt eigarskap på eit prosjekt før det er avslutta.

    Forskarar aukar ekspertisen din på 5 ulike trackar. Å ligge høgt på trackane gir pengar og poeng og bonusar runde etter runde. Sender du forskarane på møter kan du tjene ekstra ekspertise, men du risikerer også at møtet ikkje blir gjennomført. Ofte er du avhengig av mot-/medspelarar til å få møtene til å gå.

    Så har du kampen om kontroll på regionane som gir “gratis” tilgang på karbon-kvotar som du kan bruke til å hjelpe prosjekt i gang. Men dersom kvotane blir oppbrukt i regionane dine og det blir bygd fossile kraftverk, må du ta rekningen for kvoten sjølv.

    I tillegg har du samarbeidselementet mot å ikkje la verden gå over 500 ppm med CO2. Dette er eit faremoment dersom me saboterer eller konkurrerer for mykje med kvarandre.

    På toppen av dette har du lobbykort du prøver å utnytte, UN goals som du prøver å kapre og eit personleg mål.

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.