Combat Commander: Europe

Viewing 5 posts - 1 through 5 (of 5 total)
  • Author
    Posts
  • #3096
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Cce3

    Dette er eit krigspel på infanterinivå der kort styrer kva du kan få gjort på turen din. Ut frå scenario har kvar side eit viss antal ordrar dei kan gjere. Ordrane du kan velgje mellom er på korta du har den turen. Utanom turen og ordrane dine kan ein køyre «actions».

    Utfsll blir bestemt av stats pluss «terningtrill». Terningane i dette spelet er illustrert på kvart kort, så i praksis trekk ein kort når ein trillar terningar. Dette fungerer heilt fint.

    Reglane er mange men oppnåelege. Eit spel skal ta ca. 60 minutt. Kart og chits fungerer bra og skuddvekslingane er harde. Me fann ut at nærkamp gjev rask utteljing, men er høgst usikkert.

    Cce

    Leutnant von Karsties lurer på om han skal storme inn i skogen og drepe russarane med nevane…

    Cce2

    #3097
    Sten Ole
    Participant

    Herlig taktisk 2 player-spel. Denne gongen blei det ein stillingskrig mellom gårdsbygget og skogkanten. Av og til gir kortstokken ikkje noko du treng, av og til akkurat det du treng, og atter andre gonger nøyaktig det som skal til for å framprovosere galskap.

    Ser fram til neste gongen dette kjem på bordet, kanskje med spelets beste unit: radioen.

    #3098
    Sten Ole
    Participant

    melee

    /ˈmɛleɪ/

    noun

    a confused fight or scuffle.

    #4349
    Sten Ole
    Participant

    Reglar, reglar, reglar…

    Targeting roll
    Du treng berre gjere targeting roll (for avstand) når du skyt med artilleri eller “ordinance” (med kvitt felt på chit’en). Vanlege riflemenn og maskingevær går rett til fire attack roll.

    Fire attack roll
    Hindrance trekkes frå på fire attack roll når det ikkje er “ordninance”. Om den totale modifieren er 0 eller mindre kan ikkje angrepet gjennomføres. “Jammed” triggeren påvirker berre om det er angriperen som trekker det og berre på dei våpna som skaut akkurat med dei terningane.

    Fire defense roll
    Cover skal reknes med av forsvararen og skal i praksis tenkes som ein bonus til morale.

    Op(-portunity) Fire
    Denne actionen kan gjeres kvar gong ein fiendeunit går inn i ein ny hex under normal movement. Du aktiverer units med actionkortet som får skyte som normalt. Også alle seinare movements som skjer som følge av movement ordren, kan bli skutt på med ein (og ikkje fleire) fire attack roll mot den hexen av dei unitane som er aktivert med op fire action. Det er derfor eit katastrofalt stort skadepotensial om du spring langt eller med mange folk mot forsvarsstillingar. Du kan heldigvis endre planar for kvart flytt slik at du unngår å miste alt du har av menn og material.

    Command
    Commandbonusen på ledaren gjeld berre for dei tinga som er i same hex som ledaren. Dette talet er også Command-radiusen men units innenfor denne får ikkje pluss på alle stats.

    Line of sight
    Det er rett at dei printa dingsane på brettet angir line of sight. Det vil også seie at om linja ikkje treffer buskane, så blir ikkje angrep påverka av hindrance. Kult!

    Combat Commander er eit herleg spel der me har mange forsøk på lure idear som ender med at du hamnar midt i ildregnet. Du venter på kort med actions som kan hjelpe deg som aldri kjem. Når du skyter, trekker du kort som terningar som ikkje oppnår ønska verdi. Spelet er ein fantastisk framstilling av at krig er urettferdig. Det einaste som held deg i live er Sgt. Kovalevs overbevisande stemme som seier at alt kjem til å gå bra.

    Eg vurderer å plassere Combat Commander på topp 5. Moro og samtidig jordnært.

    #4350
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Me har altså testa Europe-versjonen tidlegare 😂 Denne gongen følte eg meir sementering av reglane. Spelet er ganske greit. Me må berre få mengdetrening.

    Stillingskampane er stressande. Cover og avstand plagar deg og ein må på eit eller anna tidspunkt flytte seg eller montere bayonettane. Sist spel håpa eg på sudden death, men skjebnen var ikkje einig og hordane med kommunistar fekk sprinte til seier.

    Uansett gøy action med mange øyeblikk som er artige (som den sovjetiske helten som poppa opp frå potetkjellaren).

Viewing 5 posts - 1 through 5 (of 5 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.