Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Crusaders – Thy Will Be Done
- This topic has 6 replies, 4 voices, and was last updated 4 years, 10 months ago by Jarle Haktorson.
-
AuthorPosts
-
06/02/2019 at 16:10 #1587Rune HanssenKeymaster
Kjapt og intenst spel der du bruker ein rondell med actions for å utføre ting på brettet. Styrken på kvar action er bestemt av kor mange brikker som ligg på kvar type. Desse flyttar seg etter bruk og valg vidare blir spennande og vanskeleg å kontrollere.
Spelet eskalerer og er artig. Med nok spelingar er det kanskje mogleg å ha kontroll.
06/02/2019 at 18:02 #1588Sten OleParticipantEnkelt speldesign som har “mekanisk lett” gjennomføring av turane. Du har stort handlingsrom i øyeblikket men er meir eller mindre tvunget til å gjere alt over tid fordi actiondingsane hoper seg opp på det du gjer minst. For meg føles det som eit optimaliseringsproblem der motstandarane forkludrer planane dine om du gir opning for det.
Positivt: Lett å lære. God flyt på turane. Passeleg interaksjon. Ekstremt god komponentkvalitet. Unik mekanikk med rondell.
Negativt: Antageleg eit forferdeleg spel for nybegynnarar mot erfarne spelarar fordi det er fort gjort å bli blokkert på alle slags måtar, og det er trangt nok på brettet til at det skjer nesten uansett… Antageleg.
07/02/2019 at 10:09 #1589Jarle HaktorsonKeymasterMed mindre enn ein time speletid, er dette eit supert spel å fylle ledig tid med. Det er også kjekt at du alltid har noko å gjere (sjølv om det ikkje alltid er så optimalt). Når spelet også endrar seg etter korleis rondellen ser ut ved oppstart og kva faksjon du har, vil spelet kunne ta ulike vegar.
Eit av få spel som er spelt tre gonger på rad med stor glede. Kjapt nok til å teste ut med 3 og 2 spelarar for å sjå korleis brettet endrar spelet. Og som påpeika ovanfor, er komponentane så gode at det løftar opplevinga.
15/02/2020 at 11:08 #2553Thomas ThomsenParticipantHidden Gem?
Aldrig hørt om dette. Gikk kjapt ja. Men morro og mye gøyere en mangen andre vi har oftere på bordet etter min smak. Bedre en Lancaster og Villagers.
Lett å lære men tungt å mestre vil eg tro. Var stort sprik i poeng fra nykommer til erfarne spillere på slutten, følte likevel ikkje at det ødela gøy faktor, heller ikkje følte eg på det Sten sier om blokkering. Litt oppgraderinger og flere knights med bonus movement gjør blokkering omtrent umuligt.
Meget positivt «nytt» spill for min del. Glimmrende filler som går kjapt opp og ned med en runde mellom på 60 min. Få spill med like mye morro på den tia.
15/02/2020 at 18:14 #2558Sten OleParticipantBlokkering er viktig. Du gjer at motstandaren må anten investere ekstra travelpoeng eller held seg på mindre fruktbar mark. Du ser det ikkje før på slutten når du har bygd på alt arealet du har tilgjengeleg og alle gjenverande hedningar er på andre sida av kartet. Du hadde merka det betre om me var 4 spelarar. Då blir kartet supertrangt. (Uvisst korleis det er med 2 spelarar)
Når det er sagt så synes eg at det som løfter spelet er at det ikkje er opplagt kva som er lurt eller dumt. Når bør du oppgradere? Er det spesielle situasjoner du bør oppgradere? Er det best å gå på crusades tidlig eller seint? Korleis lager du synergi mellom bygningane du bygger og handlingane du gjer på kartet? Svarene ligg nok i tørketrommelen som styrer handlingane dine. Og du må heile tida “rekne” deg fram ein tur eller to for å maksimere effekten av handlingane dine. Men du veit ikkje om småtaktiske genitrekk er det som fører til strategisk seier.
16/02/2020 at 14:36 #2564Thomas ThomsenParticipantEn runde med William
91-91
Konge game dette her ??
16/02/2020 at 16:51 #2565Jarle HaktorsonKeymasterKanskje me har fleire Hidden Gems rundt om? Men ja; dette er eit veldig solid spel. “Gøy pr. time”-faktoren er ganske høg her, ja 😉
-
AuthorPosts
- You must be logged in to reply to this topic.