Dominant Species

Viewing 10 posts - 1 through 10 (of 10 total)
  • Author
    Posts
  • #1150
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Nok eit spel frå hylla som endeleg fell på plass regelmessig. Abstrakt artig i kampen om eksistensen under ei komande istid. Fare for analyse paralyse!

    Dominant Species

    #1151
    Sten Ole
    Participant

    Eit giftig krigsspel i forkledning etter mi meining. Ganske reine reglar som ikkje byr på problemer underveis. Overraskande mykje poeng som kjem inn på slutten som potensielt kan velte stillinga.

    #1848
    Sten Ole
    Participant

    Spelelogg 28.04.19

    Spelarar:
    Rune (Pattedyra)
    Thomas (Amfibiane) [første gong]
    Sturla (Edderkoppane)
    Sten Ole (Insekta)

    Eg trur me alle hadde det sånn passe gøy i løpet av kvelden. Det var lite regelkluss. Spelet viste både sin ondskap og sin tilgivande natur. Eg trur spelet også har kvalitetar som 5- og 6-player-spel, men det må eventuelt bli om me klarer å spele med mindre betenkningstid. Eg er overbevist om at 3 spelarar er for lite.

    Spelet starta brutalt med vulkanutbrudd mot Amfibiane, tundrautvidelse mot insektene og eit utarmingsevent som gjorde at pattedyrene såg seg tjent med å tape ein action-pawn. Pattedyrene fekk gjennomgå litt ekstra, kanskje fordi dei hadde stelt i stand litt av det vonde sjølv. Pattedyrene blei då ekstra pressa når dei i tillegg er sistespelaren i spelerekkjefølgja.

    Edderkoppane fekk etter kvart eit stort område for seg sjølv, men valgte å spele relativt snille og poengorienterte events. Insekta spreidde seg utover i aggressivt tempo slik at dei var til stade nesten overalt. Dei sanka store poengsummar av å vere tungt til stade på tundraen. Amfibiane investerte stort i styring over tundrafiseringa av landskapet. Edderkoppane fekk etter kvart ein ekstra action pawn og pattedyrene fekk tilbake pawnen dei hadde tapt tidlegare. På dette tidspunktet var pattedyrene i ein djup depresjon og såg lite håp for framtida. Jamringa kunne høyres heilt ut til kinosalen.

    Mot slutten innsåg alle at edderkoppane og insektene var kongane på brettet. Dette var også tydeleg på matfordelinga på kartet som egna seg spesielt for dietten til insekta og edderkoppane. Insektene måtte jages vekk fra tundraen. Edderkoppane måtte angripes. Insekta hadde brukt opp kruttet sitt i midtspelet og kunne ikkje skape mange fleire insekt.

    Amfibiane klarte å lage eit lite habitat for seg sjølv i hjørnet som gjorde at dei fekk sanka litt poeng på slutten. Pattedyrene hadde fått litt fred etter krigen i starten. På tross av at dei ikkje dominerte alle områda sine, hadde dei fleire majoritetspopulasjonar som sikra dei poeng. Insekta var overalt og fekk god uttelling på tross av få resterande insektsarter. Edderkoppane hadde spreidd seg endå betre og i større antal som gjorde dei uovervinnelege.

    #1849
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Hehe! Bavianane var i harnisk over eit einsidig kosthald. Orangutanungane meinte fasting ein periode ville få fart i flokken etterkvart. Det var hardt, men artig ?

    Eg trur 4 spelarar er eit gunstig antal. Fleire blir fort litt for mykje å halde styr på. Fleire fargar og småbrikker på brettet vil gjere vondt i hjernen, for å ikkje snakke om mangelen på tilgjengelege actions.

    • This reply was modified 5 years, 6 months ago by Rune Hanssen.
    #1851
    Thomas Thomsen
    Participant

    Kanon gøy å få prøvd det. Helt klasse og noe som blir heilt anderledes neste runde. Kvalitet.

    Med fleire spillere så må det vel vekk action pawns? Fekk vi ikkje 5 fordi vi var 4 spillere? Går da utfra at en bare begynner med mindre om en er flere så da er det jo heilt greit og vil holde
    Game time omtrent der den er no.

    Lett med på ny runde om ikkje alt for lenge ??

    #1855
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Mekanikkane i spelet er elegante. Ta Migration-tracken som eit eksempel; du kan plassere deg øvst for å få flest flytt, slik at du kan posisjonere deg bra til poengsamling seinare. Men du risikerer då at nokon som kjem bak nyttar sine flytt til enkelt å øydelegge planen din. Difor vil du kanskje plassere deg lågare ifrå starten av, noko som gir færre flytt, men som kanskje…

    …og når du har slike avgjersler å vurdere på alle Action-spaces, samtidig som du må konsentrere deg om kva som faktisk skjer på spelebrettet, der ting kan endre seg veldig fram til det er din tur å plassere neste Action Pawn, blir det veldig mykje å prosessere.

    Kanskje så mykje at du må “godta” at du ikkje har kontroll og berre prøve å gjere noko ok. Slik du må godta at ein kort brått øydelegg alt du har bygd opp og du må begynne på scratch igjen. Det fungerer i Dominant Species, men ville ikkje fungert i så mange andre spel.

    Spelet er kanskje prega av å vere litt for abstrakt for min del. Det har nok samanheng med at eg svak for gode komponentar i spel; om dei hadde vore t.d. slik som dette http://tiny.cc/8u715y hadde det for min del løfta spelet meir, då eg kunne levd meg meir inn i krigen på brettet.

    Men samla er det eit bra spel, sjølv om prosesseringa til tider kan bli i overkant dominerande og ein får kanskje ikkje “nytt” spelet i like stor grad.

    #1856
    Sten Ole
    Participant

    Eg ser at spelet endrer karakter når du får spelet opp i 6 spelarar. Det skjer fleire ting underveis mellom turane dine. Derfor føles det vanskelegare å forhåndsplanlegge. Du har også fleire spelarar som du prøver å lese. Fleire spelarar må lese på kortene. Kaos tar litt meir over for forutsigbarhet.

    Eg trur for vår spelegruppe er nok 6-player litt for mange. Potensialet ligg der, men me speler ikkje spelet ofte nok til at me kan bygge intuisjonen opp slik at me slepper å tenke så mykje. Målet er heller ikkje å gjere oss til drivne Dominant Species-spelarar siden spelet mister litt appell om me speler det meir enn eit par gonger i året.

    Det eg synes var positivt i går var at eg var meir tvunget til å lage ein “plan B” og “plan C”, eller rett og slett sjå at både plan A og B kom til å feile så du lagde ein frankenstein-A/B-plan der ting ikkje går fantastisk, men at dei vondaste tingene ikkje skjer.

    #1858
    Rune Hanssen
    Keymaster

    6 spelarar gjekk betre enn frykta. Eg hadde det gøy.

    DSpecies

    • This reply was modified 5 years, 6 months ago by Rune Hanssen.
    #2857
    Sten Ole
    Participant

    Det er slutten på brettspelsommar 2020 på Sunde skule. Istida nærmer seg. Fire dyreartar blir satt på prøve: Ornithurae Runus, Amphibia Stenolus, Reptilia Sturlus og Arachnida Anders.

    Kuldebølga set press på mykje av dyreriket tidleg som fører til at dei prøver seg på nye typar mat. Unntaket er dei seintutviklande (nokon vil til og med sei “tilbakeståande”) reptilane som på mystisk vis er lite påvirka av kulden som brer seg vekk frå dei solrike slettene i sørøst. Fuglane prøver seg på larver, amfibiane går etter kadaver og edderkoppane vel å spise amfibiar.

    Våtmarkene til amfibiane i nord fryser til og ambiane som ikkje sett seg fast i edderkoppnett klarer å flykte til nye våte strøk i sørvest. Imellomtida svulmer edderkopp-populasjonen til det heilt absurde. Junglane yngler med beinfylte kryp i alle slags former. Fuglane viser seg som kjempetilpasningsdyktige og inntar den skrinne frosne tundraen, tydelig klar over dette er framtida for verda og det er betre å venne seg til kulden før enn seinare. Edderkoppane tar opp kampen på territoriet, men må etterkvart innsjå at det ikkje er nok larver igjen til å holde liv i den enorme populasjonen.

    Amfibiane klarer på tross av innavl lenge å beholde muligheten til å ete kjøtt, men dette kjem på bekostning av genetisk stagnasjon. Fuglane lærer seg meir eller mindre å spise alt organisk materiale. Reptilpopulasjonen ligg stort sett urørt og utvikler intelligens som gir dei ein tydeleg fordel i konkurransen. Imens herjer vinteren i andre strøk.  Edderkopp-populasjonen blir sterkt redusert etter at larvene fryses inn i isen.

    Amfibiane sin gullalder tek slutt brått og brutalt. Med både pest og ein nesten ugudeleg velplassert vulkan blir nesten alt artsmangfoldet utraddert. Berre dei mest hardføre frøspisande amfibiane med keramikksko klarer seg. Fuglane brer seg utover etter dei lærer å spise fisk. Til og med den edderkoppfylte jungelen blir invadert av fuglar som no legger egg fortare enn kva som har blitt observert sidan Wingspan.

    Parasittisk aktivitet blant alle artane fører til meir aktivitet, men spelerommet er innskrenka etter at artane stort sett har maksimert utnyttelsen av kva DNAet i dei ulike dyregruppene kan få til. Isalderen inntrer og gjer tundraen nesten heilt ubeboelig. Fuglabæsj over heile verda vitner om kva dyregruppe dominerte i denne overgangen.

    På tross av det ugudeleg urettferdige og ufortjente utfallet fortsetter dominant species å vere verdas beste spel.

    #2858
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Perfekt skildring av opplevinga av eit bra brettspel ?

Viewing 10 posts - 1 through 10 (of 10 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.