Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Galactic Renaissance
- This topic has 4 replies, 3 voices, and was last updated 1 month, 3 weeks ago by
Sten Ole.
-
AuthorPosts
-
29/12/2024 at 21:07 #4295
Jarle Haktorson
KeymasterFørste runde med Galactic Renaissance unnagjort! Fem spelarar, alle nye, me las litt på reglar undervegs. Men dette er i utgangspunktet ikkje eit tungt spel regelmessig, det er ganske enkelt. Tre bunkar med kort: Poengkort, Advisors (alle like hos alle spelarar) og Specialists; alle unike.
Nokre observasjonar:
Både planetar og Specialists-korta har alle unike eigenskapar. Av og til var det litt uklart kor ofte dei kunne brukast eller effekten dei gav, og regelboka fokuserer berre på reglar; ikkje på dei enkelte komponentane. Det var difor nokre gonger me måtte konkludere med at «det må sikkert vere slik», og truleg hadde me rett. Meir speling vil sikkert gjere oss trygg på det også.
Planetar har ulike eigenskapar, og når du er «alliert» med ein planet, kan du aktivere den planeten for ulike grunnar. Men: Du kan også enkelt stele andre sine planetar. Og når du sit fem stk. rundt bordet blir det fort mange planetar i omløp, og då er det umogleg å halde kontroll på andre sine planetar. Så når du skal stele, så må du anten hugse kva alle har fått, eller be om å få lese på alle planetane, eller berre ta ein random ein. Ingen av desse er idelle.
At du også bør hugse rekkjefølgja på korta dine, går eigentleg fint. For her er det inga shuffling. Korta du brukar, kjem nedst i bunken din. Så om du hugsar godt, klarar du å hugse kva kort som er på veg og når dei kjem. Ingen av oss klarte dette (heller ikkje Einar!), så det er ikkje ein viktig faktor, eigentleg. Men å hugse eit par komboar, og eks. prøve å taime litt når du får Senatoren/poeng-samle-kortet ditt, er greitt å prøve å ha litt styr på.
Det er gøy med Specialist-korta, men fleire av oss hadde planetar eller eigenskapar som sa «Trekk X-antall spesialistkort og behold eitt av dei». Og sidan dette er ein action ein må gjere på sin tur, må dei andre sjå på at du trekk og les igjennom fleire kort, og så må sjå kva det kortet har å tilby opp imot alt det andre du har, og så ta ein beslutning kva du vil behalde. Du kan sjølvsagt berre seie «eg tek berre denne», men då kan du ende opp med ein Specialist som ikkje hjelper deg noko særleg. Dette er ganske dårleg design-messig, for rundane elles går ganske fort.
Tal spelarar? Usikker. Sikkert betre med få, der ting flyt raskare. Men samtidig fører fleire spelarar til fleire planetar, så fleire options. God ting? Usikker. Men me hadde nok av ting å halde styr på, så fem spelarar gjekk eigentleg heilt greitt. Men kanskje best med tre-fire?
Eg sat tidleg med kjensla av å ha spelt noko slik før. Og det er Cosmic Encounter. For det er litt same kaoset fram mot ein viss sum, utan at du har særleg kontroll og brått mistar du ein planet og brått skjer det og det.
Og det med poenga, at du må vinne med minst 10 poeng i siste runde? Merka ikkje noko til det på første speling. Eirik jobba seg raskt opp til 17 poeng, og fekk så 14 poeng eller noko slik i neste runde og vann lett. Me andre kava mellom 7-11 poeng.
Usikker om eg synes det er veldig gøy. Eg er sjølvsagt med på å prøve på ny, for dei ulike planetane og ulike Specialists som er i spel og dei fantisilionane med kombinasjonar som skje, skapar nok veldig forskjellige spel. Men er det veldig gøy? Må prøvast ein gong til før endeleg dom.
30/12/2024 at 10:50 #4296Sten Ole
ParticipantHøyres ut som at mottagelsen av spelet var litt lunken. Forhåpentligvis er dette eit symptom på at folk ikkje veit korleis dei skal spele eller at reglane ikkje sitter. Då blir det bingospeling i sakte kino som eg trur begge er aspekt som ikkje er tiltenkt i designet. Eg trur spel har lett for å gå i bremsekloss-modus om spelarar prøver å spele perfekt samtidig som dei prøver å lære seg det. Av og til må me senka forventningane litt og ikkje tenke “Her er reglane bla bla bla. Ok, nå kan me alle reglane. Så starter me kretsmesterskap i brettspel X”. Det er ein fin måte å forringe brettspelopplevelsen på alt som er meir komplisert enn Wingspan.
Eg er litt overraska over at spesialist-egenskapane og planet-egenskapane skapa regelforvirring siden dei utdraga eg har sett av desse ser ut til å vere ganske rett fram. Nokre kanskje sagt med fleire setningar.
Forhåpentligvis er ikkje førsteinntrykket så dårleg at eg ikkje får folk med på nokre rundar. Dette var eit av spela eg hadde gleda meg til.
Eg håper det absolutt ikkje er eit Cosmic Encounter, ikkje at eg har spelt det mykje. Sist eg var med på det var det berre ekkelt kaos, og eg trur egentlig det heller skal vere eit meir diplomatisk spel. Men klubben vår har eg inntrykket av at aldri har forstått diplomati. Me gjer helst actions uten å koordinere eller snakke. Eg likte Cosmic dårleg, og eg trur ikkje det er så veldig gøy om me hadde “spelt det rett” heller.
30/12/2024 at 20:19 #4297Jarle Haktorson
KeymasterKunne me reglane når me spelte? Ja, meiner me spelte rett. Både eg, Einar og Martin las på førehand og sjekka litt undervegs. Og med berre sju sider med masse bilete, er dette eit ganske lett spel å forstå. Ligg også på lette 2.83 på BGG. Men likevel dukka det opp tolkingstvil. Og blant alle oss, må du nesten tru oss på at det kan skje…
Og me prøvde absolutt ikkje å spele bingo eller optimalisere; meir ein kombinasjon. Ingen gjekk for kretsmeisterskap i Galactic Renaissance. Me ville berre ha det gøy. Men når du på din tur skal trekkje fire Specialists og velje ein av dei, og mange har mykje tekst på seg, eller når du på din tur skal stele ein planet frå nokon andre, og det potensielt ligg 16 planetar hos andre spelarar og ein haug midt på bordet, står eg framleis fast på at dette er dårleg design. Ja, du kan jo sjølvsagt pugge alle spesialistane og alle planetane og hugse kva alle får, men er det difor me speler brettspel? Ikkje eg.
Men til det med diplomati: Eg er ein av få i klubben som likar spelet Diplomacy. Har lyst å spele det meir. Eg likar også veldig godt Game of Thrones. Fordi det tvinger fram diplomati, då støtte (og ev. seinare backstabbing) ofte er nødvendig for å få til noko. Eller andre spel der ein kan «manipulere» motspelarar med ord, som Battlestar Galactica. Og eigentleg ein haug med andre spel. Difor synes eg kritikken din av manglande diplomati i klubben treff dårleg; eg synes me får det til, om spelet legg opp til det. Men om det ikkje gjer det, skjer det lite. Og etter første gjennomspeling av Galactic Renaissance, var det lite behov for det. Seinare spelingar vil sikkert kunne utforske dette meir, men det var ikkje nokre særleg insentiv for å diskutere så veldig.
Spelet var også såpass kaotisk, at når det var ein spelar sin tur så var det litt sånn «ja, eg har ein Specialist som kan X, så då kan eg Y, så sender eg dei til P, og då får eg ekstra actions, og då kan eg på den planeten gjere G, og då kan spesialisten gjere L, og så kan eg…». Det var såpass kaotisk at det var vanskeleg å tenkje diplomati også, for når det var din tur igjen, var brettet heilt endra.
Difor føles det som eit avansert Cosmic Encounter. Men som eg skreiv; det er berre nokre observasjonar etter første gjennomspeling. Fleire gjennomspelingar vil truleg endre på ting.
16/02/2025 at 23:05 #4344Rune Hanssen
KeymasterMe testa med 5 spelarar. For meg er dette eit uinteressant spel. Feeling og tema var totalt fråverande. Tekst på kort handla for det meste om flytting av plast og scoringsystemet var merkeleg.
Få 2 poeng per planet der du har mindre enn… etc…
Fine komponentar men null interaksjon.
Det minna om Cosmic Encounter på komponentane, men er fullstendig daudt om ein samanliknar.
Eg vil gjerne spele CE igjen
Galactic Renaissance bør klubben selge medan det enno er nytt
17/02/2025 at 00:53 #4346Sten Ole
ParticipantGalactic Renaissance er 80% testa (fordi me valgte å hoppe av i svingen), men eg trur ikkje fullverdig speling hadde endra inntrykket mykje. Eg er skuffa.
Eg vil sei at spelet er uegna til å gi glede på første speling av ein drøss med grunnar. Det eine er at spelet lever på at du er 100% innforstått med kva alle advisorane gjer og korleis ein taktisk bruker disorder til gunst eller ulempe. Å ikkje ha dette på plass gjer at poenggivande speling og taktisk speling er umulig. Det er også eit spel som utfordrar informasjonsbåndbredden og er lett til å spele feil pga at mange av planetane har reglar printa på med liten tekst.
Det er heller ikkje tatt for gitt at å spele for korkrete men samtidig veldig tilfeldig og vilkårlege Victory Point-vilkår er spennande. Det tematiske motivet for kva du prøver å få til er ikkje heilt på plass. Det liknar litt på objectives i Twilight Imperium som også er mystiske.
Med 5 spelarar tok det veldig lang tid mellom turane med liten sjanse til å målretta gjere ting som ikkje blei sabotert før det var din tur igjen. Det verste her var at sabotasjen skjer fullstendig tilfeldig uten forsett.
Kanskje spelet lider mindre når det er 3 spelarar? Det krever at spelet gir ein annan “energi” enn det eg opplevde i kveld med 5. Det må engasjere at du sender 5 emmisaries ut til planeten Kwakbapl. Det må gi ein respons i motspelarane sit sinn: “Ånei, no blir det disorder som øydelegg heile neste turen min og gjer at senatoren min seinare gir ingenting!” Men i den hypotetiske turen trur eg dei fleste vil reagere med å trekke på skuldrene og eit gjesp. Spelet har ein veldig gradvis og uengasjerade oppbygning mot eit sluttspel som er for uoversiktlig og tilfeldig.
Spelet gjenstår som eit hypotetisk bra spel, men som me aldri kjem til å finne fordi vi aldri blei engasjerte i det. Eg hadde kanskje kost meg under andre omstendigheter, men det er andre spel som lettare engasjerer både meg og andre: Inis (av same designer), Chaos Order, Rising Sun, Blood Rage, Dominant Species (+ Marine), Kemet, Godfather… Lista er lang. Skulle eg ha gjetta, kjem nok ikkje GR på bordet igjen på årevis uten at ein ildsjel tvinger det fram, og det blir ikkje meg. Det er ikkje urimeleg å selge det igjen.
(Cosmic Encounter er forresten best eigna som fyringsmasse, men det får bli sin eigen diskusjon.)
-
AuthorPosts
- You must be logged in to reply to this topic.