- This topic has 5 replies, 3 voices, and was last updated 3 years ago by Jarle Haktorson.
-
AuthorPosts
-
17/12/2021 at 23:29 #3192Rune HanssenKeymaster
Worker placement/movement/action selection med tiltelement i form av brann tre gonger. Har spelt spelet to gonger. Meiner reglane er på plass. Scoring sist spel var veldig jamnt. Eg hadde vunne om brannen ikkje hadde råka meg. Er vel karma. Enda på SISTE plass. Elles eit artig spel.
18/12/2021 at 01:07 #3193Sten OleParticipantReglane er heilt ute av lage. Me spelte experience/retirement aldeles feil.
A. Retirement skjer når meeplen går opp på sirkelen.
B. Kvar gong sjefen har tatt ein omgang rundt brettet, så auker alle arbeidarane i experience.Konsekvensen blir at “flytt 4”-feltet blir mykje sterkare og at kloggene er totalt overpowered. I tillegg blir det sikkert meir inntekt på sikt enn det me opplevde.
—
Ris, fisk, tobakk og brannvern står i sentrum i dette rondell-spelet. Kvar tur kan du sette opp salgsboder som forhåpentligvis motstandarane velger å bruke no og då. Poenga straumer inn frå ulike kjelder. Det er vanskeleg å fastslå om du bør fokusere innsatsen din på visse ting eller gjere litt av alt. Å sette opp fargekombinasjonar er viktig.
Fleire gonger i løpet av spelet brenner det i ein seksjon i byen. Då er du prisgitt ein medspeler som har satsa alt på brannslukkingsteknologi. Ellers går alt opp i røyk, inkludert endgame-bygningar som du har selt sjela di for å bygge opp. Brannen er det svakaste elementet i spelet. Eg skulle nok ha ønska ein anna mekanikk på denne som betre belønna brannvern.
Det er likevel mykje bra med spelet. IKI er både lett og moro.
18/12/2021 at 10:05 #3194Rune HanssenKeymasterBlasted! XP etter kvar runde hadde eg gløymt. Trur likevel ikkje det gjorde veldig mykje spelmessig. Me vart berre rolegare i gatene. Men blir kloggemayhem neste gong!
20/12/2021 at 09:56 #3195Jarle HaktorsonKeymasterIKI er eit veldig behageleg spel som eg plasserer i Wingspan-kategorien. Med rette bakgrunnsmusikk, er det Zen-aktig å reise rundt i gatene rundt Nihonbashi, hyre folk, reklamere for produkta sine, handle fisk og slappe av med litt god tobakk.
Eg forstår det slik på sist speling at ein gløymde å auke erfaringa til folka sine når ein vandra rundt i byen; dette kan nok ha skapa litt mangel på ressursar/Iki, som igjen kan føre til at «maskineriet» ikkje fungerer så godt og ein føler seg litt begrensa. Det ordnar seg til neste gong!
Og mekanikken med brannvern er nok litt avstumpa på eit vis, ja. Men samtidig: Å investere i brannvern gjer fleire fordeler: Du får velje på Ikizama-tracken først (som avgjer talet på flytt og er heilt sentralt for å utnytte brettet), du får velje New Year’s Day-plass først, som på slutten er kanskje akkurat den bygningen eller fisken eller tobakken du treng, det er ein potensiell Tie Braker, samt at den sjølvsagt kan beskytte deg heilt mot brannar (og med smart plassering i eit av dei fire hjørna, beskytter du «berre» deg sjølv, samt at du kan sikre deg dobbel Nagaya Harmony Bonus).
Sjølv om det altså brenn og du må mate folk og og du får aldri tak på nok gull, er det likevel aldri stress; eit spel for å slappe av. Bra spel!
20/12/2021 at 17:35 #3197Sten OleParticipantFekk testa det igjen med rette reglar. Det blei fleire ressursar og poeng. Det er kult kor mykje brettet kan endre seg frå du lager planen din til det faktisk er din tur til å gjennomføre.
21/12/2021 at 13:04 #3198Jarle HaktorsonKeymasterHistorisk bakgrunn for spelet, butikkar etc. For dei med god tid og særskild interesse: https://www.dropbox.com/s/j142stc2g92g6qt/IKI_Glossary-EN-20160209.pdf?dl=0
-
AuthorPosts
- You must be logged in to reply to this topic.