Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Imperial Steam
- This topic has 0 replies, 1 voice, and was last updated 1 year, 9 months ago by Sten Ole.
-
AuthorPosts
-
09/03/2023 at 20:34 #3731Sten OleParticipant
Trigger warning.
Velkommen til Wien, Austerrike ein eller annan gong på 1800-talet. Du er i samme situasjonen som i Brass. Du har arva penger frå bestefar og har eit lite togsett. Du har ambisjoner om å fylle sentral-europa med industri og jernbaneskinner.
Uheldigvis er det motspelarar i akkurat samme situasjon. Steg 1 i spelet er å smøre lokale politikarar med penger for å få eit lite forsprang og mulighet til å hyre inn arbeidarar. Ok, halve arven er oppbrukt. Neste steg er å hyre inn arbeidarar. No er kontoen nesten tom.
Og den situasjonen gjentar seg. Du får kanskje gjort godsvogner om til passasjervogner for å få faste inntekter, men fordi du gjorde det må du kjøpe eit nytt togsett. Du lager fabrikker som leverer varer til ein by for store eingongssummer. Så må du hyre inn meir mannskap fordi mannskapet ditt blei omgjort til fabrikkarbeidarar. Du er blakk igjen.
Markedet tørker etter kvart ut. Nær-byane har det dei treng, og du må koble deg til nye byar. Ressursar blir dyrare. Mannskap blir dyrare. Inntekter blir lågare. Du treng også å hyre inn ein bru-ingeniør eller tunnel-ingeniør. Du får aldri gjort storslåtte actions fordi pengane mangler.
Så ringer telefonen. Det er S. Vindel Invest- og Finans. Dei tilbyr 40 kroner. Det er akkurat nok til å bygge litt meir. Alt dei ønskjer er 10% av endgame-scoren din. Du skal til å avslutte samtalen, så ser du alternativet ditt som er å sitte utfor Kiwi med ein pappkopp for å få 10 kroner. Du godtar tilbudet. Du bygger togbane gjennom Alpene til neste by. Ein liten avstikker må til fordi Tor Inge Engineering har tatt over alle dei gode industriområdene, men banen kjem seg etter kvart til destinasjonen. Dessverre har Tor Inge allerede levert alt byen treng. Kontoen er tom igjen.
Det ringer igjen. Herr Vindel har ei løysing. Handelsmenn i Wien er villige til å investere i firmaet ditt. Du må bare signere ein kontrakt for levering av varer til havna i Trieste. Varer du ikkje har på ein bane du ikkje har bygd. Men du har ikkje lyst å sitte i kulden utfor Kiwien. Du tek imot tilbudet. Du får 80 kroner inn på kontoen i bytte mot 20% til av endgame scoren din. Og forresten dersom du ikkje klarer å oppfylle kontrakten, så skylder du handelsmennene 200 kroner.
Du gjer så godt du kan. Du innser at du ikkje klarer å skaffe alle varene. Men du leser kontrakten igjen. Du slepper å betale straffen dersom det ikkje finnes ein bane til Trieste. Panikken løyer seg litt.
Du går til ein fest for å feire at du har levert kull til ein by som andremann. Ordføreren er opptatt, men leiaren for reingjeringsavdelingen er der for å drikke eplesaft med deg. Bannere etter siste fest er der ennå. “Tor Inge, byens helt!” står det på med dei ekle firmafargane hans. Du får den andre og litt styggare nøkkelen til byen før du går heim i regnet.
Du setter deg halvtilfreds på kontoret. Du slapper av og tar ein kikk i avisa. Overskrift: “Hanssen Sporveier åpner Trieste-banen!” Du tenker tilbake på den litle skrifta på kontrakten din. Du veit at du må ringe til Rune. Du veit kva han skal ha for å la toga dine køyre til Trieste på banen hans. Og du veit kva handelsmennene vil sei når dei ikkje får stålrøyra dei har blitt lovd. Då åpner du skuffen på kontorpulten og finn utvegen.
-
AuthorPosts
- You must be logged in to reply to this topic.